Hopp til innhold

Dyr bensin på bygda

Bensinen kostar over ei krone literen meir på bygda enn i byen. Regjeringspartia lovte prisutjamning, men ingenting har skjedd.

Bensinstasjon
Foto: Andreas Sundby / NRK

Den høgaste bensinprisen i Møre og Romsdal fann vi i går i Gursken i Sande kommune.

Frakt

Bensinen blir frakta frå dei sentrale tankanlegga langs smale vegar, på ferje over fjordar og ut til øyane langs kysten. Dette kostar pengar. I fleire tiår eksisterte det ei fraktutjamningsordning, der målet var å få tilnerma likt prisutgangspunkt for bensinen. Det er ei slik ordning regjeringspartia programfesta i Soria Moria-erklæringa.

Når fyller du?

Mistenker prissamarbeid på bensin

Koz og klemz fra NAF

Hamstrer billig bensin

- Det er klart, prisforskjellane er kanskje ikkje så store i forhold til kva du gjerne brukar på ein pølsemeny på bensinstasjonen. Ei krone eller ei krone og femti øre i forskjell det er slett ikkje uvanleg, seier bilist Odd Arne Kvalsvik.

Sjå TV-reportasjen om bensinprisane:

Video nsps_upload_2009_5_14_7_39_51_700.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Treng bilen

NRK Møre og Romsdal har teke turen heilt sør i fylket mot grensa til Sogn og Fjordane. Hit blir bensinen frakta i tankbil fleirfoldige mil.

- Her ute i distrikta er det store avstandar. Skal du nokon stad treng du bilen. Det går sjølvsagt bussar, men ikkje så veldig ofte, seier Trygve Strand som vi møter på bensinstasjonen i Vanylven.

- Urettferdig

Mange køyrer lange over lange avstandar, også i yrkessamanheng. Arkitekt Ivar Sulebakk er på veg frå Herøy i Møre og Romsdal til Selje i Sogn og Fjordane.

- Det burde ikkje vere noko forskjell på bensinprisane, seier arkitekt Ivar Sulebakk. Han køyrer bil fleire mil til neste oppdrag. - Det burde jo vere likt, eg ser ikkje nokon hensikt med at prisane skal variere slik frå stad til stad, seier han.

- Alt for dyrt

- Bensinen her er alt for dyr, seier Odd Arne Kvalsvik. I forhold til vegstandarden her og kva vi får er dette heilt elendig, konkluderer han.

Sjå her korleis Stortingsrepresentant Jenny Klinge forklarar kvifor regjeringspartia ikkje har gjennomført det dei lovte:

Video nsps_upload_2009_5_14_8_55_1_710.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL