Drapsdømd Bandidos-medlem ankar

Ein tidlegare drapsdømd Bandidos-medlem ankar dommen for drapstruslar mot ein sunnmørsmann. Bandidos-medlemet blei nyleg dømd til fengsel i eitt år og fire månader for å ha ha forsøkt å hindre sunnmøringen i å forklare seg i samband med ei grov valdtektssak. Forsvarar Sol Elden seier dei ankar over skuldspørsmålet, subsidiært over straffeutmålinga. Bandidos-medlemet var ute frå fengselet på prøve då han trua sunnmøringen på livet.