Drakk alkohol etter ulykke

Ei kvinne i 40-åra er i Nordmøre tingrett dømt til 21 dagars fengsel for å ha drukke alkohol like etter å ha vore involvert i ei trafikkulykke. Ifølge dommen svinga kvinna unna eit vogntog, mista kontrollen over bilen og køyrde inn i eit autovernet. Både bilen og autovernet fekk store skader. Politiet søkte etter kvinna etter ulykka og fann ho til slutt heime. Då forklarte kvinna at ho hadde fått panikk og drukke fleire halvliterar med pils etter ulykka. Retten meiner kvinna burde ha skjønt at ulykka var så alvorleg at det kunne bli ei politietterforsking.