Hopp til innhold

No skal dei endeleg gifte seg

I fem år har Arvid frå Norge og Aziza frå Marokko vore kjærastar på kvar si side av ein dataskjerm. No får dei gifte seg, og i helga ordna dei ring og brudekjole til den store dagen.

Døveparet som ble holdt adskilt av UDI i fem år, skal nå gifte seg 27 november.

I fem år har Azizi Hashimi og Arvid Todal drøymt om å gifte seg. No får dei endeleg lov.

Arvid Todal og Azizi Hashimi er begge døve og har vore forlova i to år. Den høgste draumen deira er å gifte seg og flytte saman, men styresmaktene har ikkje trudd på at forholdet deira er ekte og at dei kjem til å gifte seg. Azizi har difor ikkje fått visum.

LES OGSÅ:

Prata på internett

Azizi bur i Marokko og har kommunisert med forloveden i Kristiansund ved hjelp av teiknspråk via nettet. Gong på gong har ho fått avslag på visumsøknaden. Grunngjevinga frå UDI er at paret ikkje har møtt kvarandre mange nok gonger, og at marokkanarar ofte ikkje reiser heim viss dei får avslag på opphaldssøknaden. Saka vart anka til Utlendingsnemda som nyleg omgjorde vedtaket.

No blir det bryllaup

Dermed fekk Azizi Hashimi kome på besøk til kjærasten. Bryllapusdatoen er sett til 27. november og det er mykje som skal ordnast før den tid.

I helga var det forelska paret både hos gullsmed og i brudekjolebutikk. Mor til Arvid, Gunn Ragnhild Todal var med som hjelpar og tolk.

– No er det første gong de må prøve å bli samde om noko, smiler Gunn Ragnhild.

Fekk draumejenta

Sjølv om det er travelt og mykje som skal ordnast på kort tid, gler svigermor seg over bryllaupet. Ho meiner sonen har fått draumejenta.

Azizi er veldig glad for at vedtaket vart omgjort og at ho endeleg får gifte seg. I butikken heng kvite brudekjolar på rekke og rad. Den vordande bruda har drøymt om dette i årevis og veit akkurat kva kjole ho vil ha. Men verken brudgommen eller NRK får sjå kjolen før 27. november.

I fem år har ein kristiansundsmann og ei marokkansk kvinne hatt dagleg kontakt på nettet.
I to år har dei vore forlova. Likevel får ikkje paret lov til å møtast på norsk jord for å gifte seg.