Hopp til innhold

Dei lever livet sitt saman – gjennom ein dataskjerm

Arvid Todal og Aziza Hashimi lever livet saman gjennom ein dataskjerm. Dei har vore forlova i to år, men UDI trur ikkje på at dei vil gifte seg.

Todal

Sjå tv-saka: I to år har dei vore forlova. Likevel får ikkje paret lov til å møtast på norsk jord for å gifte seg.

Hashimi bur i Marokko, og Todal bur i Kristiansund. Dei ønskjer å starte eit liv saman i Noreg, men det viser seg å ikkje vere så enkelt.

– Eg drøymer om at vi skal få gifte oss, og at vi skal kunne vere saman, seier Todal, som har hatt dagleg kontakt med Hashimi i fem år.

«UDI mener at partenes forhold ikke er tilstrekkelig etablert til at et visum ville blitt innvilget».

Hashimi har søkt om visum fleire gonger, men ho har fått avslag kvar gong. Paret har til og med enda forholdet ein gong, fordi det blei vanskeleg å vere forlova medan dei budde på kvar si side av jorda.

Kommuniserer med tegnespråk

Den marokkanske kvinna er døv, og fortel med teiknespråk gjennom dataskjermen at ho drøymer om å få vere saman med kjærasten sin.

– Eg drøymer om at vi skal få gifte oss, seier ho.

Grunngjevinga frå UDI er at paret ikkje har møtt kvarandre mange nok gonger, og at marokkanarar ofte ikkje reiser heim viss dei får avslag på opphaldssøknaden.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL