Dømt til fengsel for vald

Ein mann frå Sunnmøre er dømt til fengsel i ti månader for å ha vore valdeleg mot dottera si. Dette skal ha skjedd over ei periode på fleire år. retten ser det som særleg skjerpande at mannen var jenta sin einaste omsorgsperson. Ifølgje dommen frå tingretten må mannen også betale 70.000 kroner i erstatning til dottera si.