Dømt til eitt års fengsel

Ein mann i 50-åra frå Sunnmøre har fått skjerpa straff i Frostating lagmannsrett for å ha oppbevart nesten 300 våpen heime hos seg sjølv ulovleg. Det melder TV2. Mannen blei i oktober 2018 dømt til 341 timar samfunnsstraff. Saka blei anka til lagmannsretten, og han er no dømt til eitt års fengsel, der halve straffa er på vilkår. Mannen må difor sone eit halvt år i fengsel. Mannen skal mellom anna ha oppbevart automatgevær, halvautomatiske pistolar, revolverar og hagler, i tillegg til 27 000 skarpe skot og 35 kilo krut. Lagmannsretten vektlegg mellom anna at våpena til mannen har eit stort skadepotensial.

Våpenbeslag på Sunnmøre
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK