Hopp til innhold

Dømt på nytt i lagmannsretten

Ein mann i 20-åra frå Nordmøre er i Frostating lagmannsrett dømt til fengsel i to år og 11 månader for grov kroppsskade. Mannen får 374 dagar i frådrag for tida han allereie har sete i varetekt.

I fjor blei mannen dømt i Møre og Romsdal tingrett til fengsel i fem år og seks månader for drapsforsøk, etter å ha stukke ein mann i 50-åra med kniv.

I april 2023 oppstod det ein konfrontasjon mellom den dømde og de fornærma. Dei to møtte på kvarandre på gata i Kristiansund. Der skulda mannen i 50-åra mannen i 20-åra for å selje narkotika. Det oppstod eit basketak der den fornærma fekk fem knivstikk i ryggen.

I etterkant av dommen frå tingretten blei saka anka lagmannsretten. Dei meinte at vilkåra for drapsforsøk ikkje var oppfylt, og at det var meir rett at mannen skulle blir dømt for grov kroppsskade. Dei sette også straffa til tre år.

Høgsterett oppheva seinare dommen, etter anke frå påtalemakta, fordi dei var usikre på om Frostating lagmannsrett hadde tolka lova rett.

Saka blei behandla på nytt i lagmannsretten 16–17. april. No er dommen klar.

I dommen blir det vektlagt at den fornærma mannen i 50-åra fekk fleire knivstikk. Særleg eitt av desse gjekk inn i brysthola til mannen og var svært alvorleg.

Samtidig meinte fleirtalet av dommarane at vilkåra for å domfelle mannen for drapsforsøk ikkje var oppfylt. Dei konkluderte med at det ligg føre ein rimeleg og fornuftig tvil om mannen hadde drapsforsett.

– Etter ei samla vurdering av situasjonen kan det ikkje leggast til grunn at den tiltalte hadde ein aktiv og klar tanke om følgene av handlinga, står det i dommen.

Mindretalet, ein av dommarane, meinte derimot at det var bevist at mannen hadde utvist drapsforsett.

Den dømde mannen har tidlegare forklart at han ikkje meinte å drepe mannen då han stakk han med kniven.

Knivstikking på gata i Kristiansund.
Foto: Eirik Haukenes / NRK