Hopp til innhold

Dømt for vald og truslar

Ein mann i 30-åra frå Romsdal er dømt til fengsel i sju månader for vald, truslar og skremmande åtferd. To av månadene blir gjort med ei prøvetid på to år.

I dommen står det at mannen ved tre høve utøvde vald mot tre forskjellige personar. Ifølge den både sparka og slo han desse, og den eine tok han også kvelartak på.

Han er også dømt for å ha kome med drapstruslar mot ein banksjef og for å ha sendt skremmande meldingar til fleire personar. I tillegg blei mannen dømt for oppbevaring av narkotika.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL