Hopp til innhold

Dømt for grov vald

Ein mann er i Sunnmøre tingrett dømt til fengsel i seks månader for grov vald. Mannen i 30-åra skal ha slått ein annan mann gjentatte gonger i ansiktet. Retten ser på valden som grov fordi mannen gjekk til åtak på ein person som låg og sov. Han skal også ha sete oppå mannen, slik at han ikkje greidde å forsvare seg. I tillegg til fengselsstraffa må han også betale 90.000 kroner i erstatning.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL