Hopp til innhold

Dømde til fengsel for valdtekt

To menn er i Møre og Romsdal tingrett dømde til fengsel for å ha forgripe seg på ei jente som var under 14 år.

Den eine mannen er dømd til fengsel i fem år og må betale 250.000 kroner i oppreisningserstatning. Retten legg vekt på at overgrepa hadde preg av gjentatt kynisk utnytting, gjort av ein vaksen mann, mot ei svært sårbar jente.

Den andre er dømd til fengsel i fire år og må betale 200.000 kroner i oppreisningserstatning.

Ein tredje mann var tiltalt i same sak, men møtte ikkje i retten. Mannen sin forsvarar uttala at vedkomande var i utlandet, og retten bestemte at saka mot han vert utsett.