Hopp til innhold

Dømd til fengsel etter urmakarinnbrot

To menn i 30- og 40-åra frå Romania er dømd til fengsel etter innbrotet i ei urmakarforretning i Molde i fjor haust. Dei to braut seg inn og stal 133 klokker som hadde ein utsalsverdi på rundt 3,3 millionar kroner. Dei stakk så av i ein stolen bil og det blei starta ei politijakt. Dei to mennene blei seinare funnen i terrenget i Rauma der dei prøvde å gøyme seg.

I tillegg til innbrotet er dei to dømde for bilbrukstjuveri og grovt skadeverk. Mannen i 30-åra blei dømd til fengsel i to år og fire månader, medan mannen i 40-åra blei dømd til fengsel i to år og fem månader. Han blei også dømd for innbrot i ei hytte og for å ha stole kle derifrå. I tillegg er begge mennene dømd til å miste førarretten i Noreg i to år. Dei to erkjente begge straffeskuld då rettssaka mot dei gjekk i tingretten førre veke.

Ifølge dommen kom dei to mennene til Noreg få dagar før innbrotet. I retten forklarte mennene at dei kom til Noreg under løfte om arbeid i byggebransjen, men at dette ikkje viste seg å stemme då dei kom til landet. Ein av mennene forklarte så at innbrotet var bestilt av ein tredjemann, medan den andre forklarte at det skjedde impulsivt fordi dei ikkje hadde pengar.

Retten meiner derimot at innbrotet ber preg av planlegging, både når det gjeld sjølve tjuveriet og fluktruta. Dei er difor overtydd om at hensikta med å kome til Noreg var for å gjere ei straffbar handling og meiner dei to kan dømmast som mobile vinningskriminelle.

Det er framleis uklart om dei to anker straffa. Begge forsvararane til mennene opplyser til NRK at dei ikkje har fått snakka med klientane sine endå.

Innbrot hos Urmaker Jermstad i Molde
Foto: Roar Strøm / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL