Hopp til innhold

Dømd for å ha valdtatt 14-åring

Frostating Lagmannsrett har behandla ankesaken til ein mann i 50-åra som i februar vart dømd til fire års fengsel for å ha valdtatt ein 14 år gammal gut.

Mannen skal ha låst guten inne i ein kjellar der overgrepa skjedde. 14-åringen prøvde å rømme, men fekk det ikkje til.

No er mannen dømd til fengsel i fire år, og må betale 125.000 kroner i erstatning til guten. Det er den same dommen som han fekk i Tingretten.