Hopp til innhold

Døgnvill ungdom redda familie frå å brenne inne i hytte

Hadde det ikkje vore for dei tre ungdommane som sat oppe om natta og spelte dataspel, kunne hyttebrannen ha enda på tragisk vis for familie på seks.

Hyttebrann i Gjemnes

Det blei dramatisk då tenåringane på hyttetur oppdaga at det brann i ei av dei andre hyttene i nabofeltet. Snarrådig innsats gjorde at dei kan ha berga livet til ein familie på seks.

Foto: Privat

Manglande døgnrytme for kameratane Sebastian Ohr (16) og Brede Ringstad Hansen (18) redda seks personar frå å brenne inne i hytta si i Gjemnes på Nordmøre.

Saman med to andre kameratar hadde dei vore oppe heile natta og spelt dataspel, då dei grytidleg laurdag morgon oppdaga svart røyk mellom trea i hyttefeltet.

– Vi køyrde ned der røyken kom ifrå med éin gong. Då vi såg brannen, forstod vi kor alvorleg det var, seier 18 år gamle Ringstad Hansen.

Hadde ikkje ungdommane vore oppe, hadde dei ikkje oppdaga brannen i hytta og fått berga to ungar og fire vaksne som låg og sov.

Det var Tidens Krav som først omtalte saka.

– Eg tenkte ikkje, alt berre skjedde

Då kameratane kom ned til hytta, såg dei at uteplassen stod i full fyr. Alt skjedde på autopilot, fortel 18-åringen.

– Hyttedøra var låst, så eg sprang til alle vindauga og ropte.

Hytta var allereie tapt, så no var det berre å håpe på at dei fekk ut familien på tre generasjonar som var inne i ho.

Sebastian Ohr og Brede Ringstad Hansen

Sebastian Ohr (16) og Brede Ringstad Hansen (18) er to av dei som kan ha berga livet til familien som låg inne i hytta og sov.

Foto: Anne Mari Flatset / NRK

Kompisen Sebastian Ohr var den som gjekk inn og begynte å få ut dei seks.

– Skal eg vere heilt ærleg, så tenkte eg ikkje. Alt berre skjedde. Eg hadde så mykje adrenalin i kroppen. Det var veldig stressande, fortel 16-åringen etter opplevinga.

Roa ned ungane med prat om dataspel

Mora til dei to ungane på åtte og 14 år trudde først det var ein dårleg spøk då dei blei vekte av hamringa på hyttevindauga, men forstod fort det var alvor då ho såg ansiktet til gutane.

– Eg kan ikkje få fortalt kor glad eg er for at dei var våkne. Eg er utruleg takknemleg for at dei redda oss. Hadde det ikkje vore for dei, er eg usikker på om vi hadde overlevd, seier mora, som ikkje ønskjer å stå fram med namn.

Ho er også mektig imponert over at ungdommane tok seg tid til å roe ned ungane hennar etterpå. Då gjekk praten om dataspel, og på laurdag er heltane inviterte heim til ungane for å spele.

– Eg har så spesielle følelsar for dei og gler meg veldig til å få dei på besøk, seier mora.

«Hyttefeltets heltar»

Ein av dei som rykte ut for å sløkke hyttebrannen frå brannvesenet, er brannsjef i Nordmøre og Romsdal brann og redning, Alf Magne Smørholm. Han kan ikkje få rosa tenåringane nok for innsatsen dei gjorde.

– Hytta var overtent då vi kom. Dei har gjort ein kjempeinnsats og sannsynlegvis avverja noko som kunne ha gått skikkeleg gale, seier han.

Brannsjef Alf Magne Smørholm

Brannsjef Alf Magne Smørholm seier tenåringane gjorde alt rett då dei oppdaga hyttebrannen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Heltane sjølve tenkjer på kor heldige dei er for at alle kom seg ut. Dersom dei ikkje hadde vore der på det tidspunktet dei var, så hadde det vore for seint for dei å redde familien, trur tenåringane, som no blir kalla «hyttefeltets heltar».

– Dette er noko ein helst ikkje vil oppleve, men eg er så glad for at det gjekk så fint som det gjorde, seier Brede Ringstad Hansen.