Døgnposten kan bli lagt ned

Klinikksjef Karl-Arne Remvik meiner det er forsvarleg å legge ned døgnposten ved distriktspsykiatrisk senter på Sjøholt. Det kjem fram i rapporten etter ROS-analysa som vart kjent no i ettermiddag. Remvik seier det no vil det bli nedsatt ei arbeidsgruppe som skal utarbeide ein handlingsplan for vidare framdrift. Innstillinga skal leggast fram for styret 20.februar.

Sjøholt psykiatriske klinikk
Foto: Øyvind Sandnes / NRK