Hopp til innhold

Dobling i talet på rednings- og leiteaksjonar

Talet på leite- og redningsaksjonar i Møre og Romsdal blei dobla frå 2016 til 2017. Røde Kors Hjelpekorps i Møre og Romsdal er blant hjelpekorpsa med flest oppdrag i Noreg.

Aksjon Norges Røde Kors

Slik opplever mange eit møte med Norges Røde Kors. Dei aller fleste av dei som stiller opp når andre treng hjelp arbeider på frivillig basis.

Foto: NRK

Det er svært mange som ferdast i den spektakulære naturen i Møre og Romsdal til alle årstider. Det går bra med dei aller, aller fleste. Men nokre kjem opp i uventa situasjonar og treng hjelp.

Det merkar ikkje minst Røde Kors Hjelpekorps. Dei er svært ofte ute i terrenget for å hjelpe folk som har fått vanskar.

– Dei fleste oppdraga våre er såkalla ambulanseoppdrag utanfor veg, eller henteoppdrag, som utgjer den største auken, seier Trond Inge Larsgård, fagleiar i Møre og Romsdal Røde Kors.

Trond Inge Larsgård

Trond Inge Larsgård er fagleiar i Møre og Romsdal Røde Kors.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

I Kristiansund blei den eldste Røde Kors-avdelinga i Møre og Romsdal feira tysdag kveld. Lokalavdelinga feira at det er 110 år sidan stiftinga.

Og midt i førebuingane til jubileumskvelden måtte fleire av medlemene rykke ut. Måndag gjekk turen til Ålvundfjord der ein 10 år gamal gut var sakna.

– Alt enda heldigvis godt. Vi kunne snu heimover nesten før vi byrja å leite, fortel hjelpekorpsleiar Gunnar Todal.

Leiaren for hjelpekorpset kan også fortelje at det dei seinare åra er blitt lettare å rekruttere medlemer til organisasjonen.

– Talet på medlemer i hjelpekorpsa aukar over heile Møre og Romsdal. Det er ikkje så vanskeleg å få tak i frivillige lenger, seier Todal.

Gunnar Todal

Gunnar Todal er leiar for hjelpekorpset i Kristiansund.

Foto: Roar Strøm / NRK

Dette betyr at den store auken i talet på leiteaksjonar ikkje nødvendigvis fører til stor auke i belastninga på kvar einskild medlem.

– Det er svært fint å leie ein organisasjon som Møre og Romsdal Røde Kors. Vi har svært mange engasjerte medlemer. Drivkrafta er berre ei takk for innsatsen og eit smil, seier leiar i Møre og Romsdal Røde Kors, Øystein Valde.

Øystein Valde

Øystein Valde er leiar i Møre og Romsdal Røde Kors.

Foto: Roar Strøm / NRK

Dei fleste av dei som deltek i rednings- og leiteaksjonane gjennom Røde Kors er frivillige. Det betyr at dei som går ute i terrenget i Røde Kors-uniform til dagleg er i vanleg arbeid eller er går på skule.

– I mange tilfelle blir det litt vanskeleg når dei må spørje seg fri medan arbeidsgjevaren helst ser at dei tilsette blir verande på jobb, seier fagleiar Trond Inge Larsgård.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL