Hopp til innhold

Slik gir du førstehjelp til den firbeinte vennen din

Det er påske og mange skal ut på tur med bikkja. Her er 6 tips om korleis du utfører førstehjelp om uhellet er ute.

Hund finsk lapphund

FERIETID: Kjem du i ein krisesituasjon med hunden din, er det smart å kunne litt om kva du bør gjere.

Foto: Sondre Skjelvik / NRK

Viss hunden din får ein alvorleg skade kan det i verste fall stå om livet.

Mange hundeeigarar veit ikkje at førstehjelp også kan utførast på hundar.

– Når situasjonen er kritisk, kan førstehjelp vere avgjerande for om hunden overlever, seier veterinær Catrine Winblad.

Det er rundt 600 000 hundar her i landet, og her er tips til korleis du kan hjelpe hunden din.

Les også Dårlig pelsstell kan gi alvorlige sår

Dexter

Sjekk hunden når han er frisk

– Det er superviktig at du veit kva som er normalt. Det må du faktisk vite for å plukke opp om noko er unormalt med hunden, seier Winblad.

Hundar har litt høgare temperatur enn oss menneske. Bruk eit termometer og sjekk temperaturen på hunden når han er frisk.

Førstehjelp på hund ved veterinær Catrine Winblad.

Veterinær Catrine Winblad viser førstehjelp på hunden Nala.

Foto: Theo Aasland Valen / NRK

Munn mot nase

Vi menneske utfører munn mot munn-metoden om uhellet er ute, men med hunden er det nasen som gjeld.

– Du kan vere langt ute i skogen med hunden, og skulle det skje noko med hunden din, er det jo greitt å vite kva du skal gjere, seier veterinæren.

Dekk nasen med munnen og blås til du ser at brystkassa hevar seg.

Hunder kan snuse og tygge i seg mykje rart. Har hunden din fått noko i halsen kan det løysast ved at du trykker ned tunga til hunden og drar det ut med handa.

Du kan også bruke Heimlichs manøver.

Færre kjøper hundevalp 1

Setter hunden noko i halsen kan du bruke Heimlichs manøver.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Hjartestans

At hjartet til ein hund kan stanse er ikkje unormalt. Det kan skje om han er på tur, men også om han er heime i ro og mak.

– Symptoma er ofte at hunden får pusteproblem, og kan miste bevisstheita. Det er viktig å sjekke om hjartet til hunden slår, eller om du kan kjenne puls.

Om du ikkje kjenner dette bør du starte med hjarte- og lungeredning. Bruk hendene og trykk på brystkassa til hunden.

– Nokon lurer på om dette er mogleg å gjere med ein hund, men det er det, seier veterinæren. Ho har sjølv redda hundar ved hjelp av denne metoden.

Hund

Er du på tur, eller hunden er heime kan det skje at han får hjartestans. Da er det fint å vite kva du kan og bør gjere.

Foto: www.colourbox.com

Forgifting

Førstehjelp på hund er noko alle hundeeigarar burde kunne, meiner veterinæren.

Hunden kan for eksempel bli forgifta. Hunden kan ha ete giftig sopp, eller fått i seg noko anna som kan skade han.

Ved forgifting skal du helst ikkje utføre førstehjelp sjølv.

Ta kontakt med næraste veterinær så fort det lèt seg gjere.

hund

Hunden din kan bli forgifta. Da skal du oppsøke veterinær, og ikkje utføre førstehjelp.

Heteslag

Alle veit at det er «fy fy» å forlate ein hund i ein varm bil sommarstid.

Du kan samanlikne det med å putte hunden inn i ein omn, og skru temperaturen på over 50 grader.

Blir ein hund for varm kan det stå om livet. Det er viktig å tilby hunden vatn, og kjøle han ned.

Ta alltid kontakt med veterinær om du har ein hund som har blitt utsett for heteslag.

Hund i varmen

Forlat aldri din beste venn åleine i ein varm bil.

Foto: Sindre Auståker Johansen / NRK

Hoggormbit

Det er fort gjort for ein hund å stifte nærare kjennskap med hoggormen.

Blir hunden biten av hoggorm er det viktig å prøve å halde den roleg.

Om bitet sit i beinet til hunden, bør beinet brukast minst mogleg for å forhindre at gifta blir spreidd.

Klarer du å bere hunden, er det best. Oppsøk alltid veterinær.

Video Nærkontakt med hoggormen

Denne krabaten vil ikkje hunden din stifte nærare kjennskap med.

Foto: NRK Nyheter

Hei

Takk for at du leser. Har du tips eller innspill til denne saken eller andre ting vi bør skrive om? Send meg gjerne en e-post!