I klasserommet ved Ulstein ungdomsskule i Ulsteinvik på Sunnmøre prøvar elevane å programmere ei robotarm til å kunne plukke opp eit viskelêr. Lydane av robotarmar som går i utakt set sitt preg på den elles konsentrerte stemninga i rommet.
Han er del av ei større teknologisatsing i Ulstein kommune der dei fokuserer på å lære opp lærarane i bruken av digitale verktøy. Kleive har fått kunnskapen som trengst for å lære elevane å programmere. Men dette gjeld ikkje alle lærarar.
Rask utvikling
I rundt 80 prosent av skulane som Senter for IKT i utdanninga har undersøkt er teknologi ein viktig del i skuleplanen. Likevel svarar 59,4 prosent av skulane at dei ikkje har fått på plass ei systematisk satsing på vidareutdanning av lærarane.
– Utviklinga går veldig raskt og det kjem nye digitale læringsverktøy heile tida. Då er det naudsynt at lærarane veit i kva situasjonar dei har nytte av digitale verktøy og i kva situasjonar dei ikkje har det, seier Synnøve H. Amdam, forskar ved Høgskulen i Volda.
Ho er uroa over at det har vore for stort fokus på investering i utstyr og ikkje i tilstrekkeleg grad fokus på korleis ein faktisk skal bruke utstyret i ein læringssituasjon.
I haust har Høgskulen i Volda, som ein av fem høgskular i landet, fått utviklingsmidlar som blant anna skal brukast til å finne ut kva moglegheiter digitale verktøy gir og når dei fungerer godt i læringa.
Lærarane tilbake på skulebenken
Høgskulen i Volda gjer dette i tett samarbeid med mellom anna lærarane i Ulstein kommune. Ulstein er langt framme når det gjeld teknologisatsing i skulen. Faktisk er kommunen den einaste i landet der ein har bestemt at alle elevar skal lære å programmere heilt frå første til tiande klasse.
– Skal vi få til ei skikkeleg satsing, nyttar det ikkje å putte mykje utstyr inn i skulen. Vi er også nøydd til å heve kompetansen til lærarane, seier Knut Erik Engh, ordførar i Ulstein.
Den digitale satsinga til kommunen sender lærarane tilbake til skulebenken. Utviklingsmiljøet ved Høgskulen i Volda vidareutdannar alle lærarane i kommunen og dei har fleire samlingar i løpet av året. Lærarane skal lære å bruke nettbrett, appar og Youtube i undervisninga. Dei må også lære seg å programmere.
Direktør for internett og nye medium i IKT Norge, Torgeir Waterhouse, skryter av initiativet til Ulstein kommune.
– Tilnærminga til Ulstein er god fordi dei tenker heilskapleg. Det handlar om å få teknologiforståinga inn i heile undervisingsløpet i kommunen og dei gjer det på ein måte som sikrar at ein jobbar pedagogisk og til det beste for elevane, seier Waterhouse.