Hopp til innhold

Difor er dette eitt av dei mest frykta havområda

Dei siste to åra har det vore tre dramatiske situasjonar med skip i havsnaud over Hustadvika. Kaptein Nils Kristiansen har fått kjenne på kreftene utanfor Romsdalskysten.

Hagland Captain i havsnød

Lastebåten Hagland Captain miste motorkrafta og fekk slagside over Hustadvika. Dette skjedde samstundes som redningsaksjonen for Viking Sky heldt på.

Foto: Luftforsvaret

– Det er klart ein huskar tilbake, seier Nils Kristiansen, som er kaptein på lasteskuta Hagland Captain.

Hurtigruteskipet «Kong Harald» fekk motorstans tysdag og det nok ein gong vart sett i verk ein dramatisk redningsaksjon, kom minna tilbake.

Nils Kristiansen veit korleis det er å vere i havsnaud i det området. Den same dagen som cruiseskipet Viking Sky, med over 1300 personar om bord, var meter unna å gå i fjøresteinane i mars 2019, fekk lasteskipet hans også motorstans.

–Mistar du motorkraft over Hustadvika er det alvorleg, seier Kristiansen.

Kaptein Nils Kristiansen om bord Hagland Captain

Nils Kristiansen er kaptein på lasteskuta Hagland Captain. Han veit korleis det er å miste motorkraft i Hustadvika.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Mange forlis

Havstykket over Hustadvik er rekna for å vere eitt av dei farlegaste i landet og gjennom historia har det skjedd fleire forlis.

Inge Fagerheim er los for Kystverket og lommekjend i området.

Han fortel at havstykket er utfordrande og sjøfolka er ekstra på vakt her. Storhavet står rett inn, samstundes er det mykje holmar og skjer.

– Visst båten mister maskinkraft blir det problem. Du har ikkje eit stort område å drive på før du treff holmar og skjer på begge sider av skipsleia, forklarar Fagerheim.

Viking Sky ved Hustadvika

Gjennom historia har det skjedd fleire forlis over Hustadvika. Viking Sky var berre minutt frå å gå på land i mars 2019.

Foto: Torgeir Are Sortehaug

Kvart minutt tel

Studentane som skal bli skipsførarar øver på motorstans når dei kryssar Hustadvika i simulatoren.

– Ein blir litt stressa, men det er difor vi øver så mykje som vi gjer. Det skal ikkje vere så mykje tenking, men mest handling når du først er i situasjonen, seier Peter Ludvig Flatmark.

Studentar på Fagskolen i Ålesund øver i simulator

Studentar på Fagskolen i Ålesund øver i simulator.

Foto: Remi Sagen / NRK

Norvald Kjerstad ved NTNU i Ålesund seier at den korte vegen til fjøresteinane kan bli dramatisk.

– I havet kan ein få motorstans og tillate seg å drive nokre timar utan at det får konsekvensar, men på Hustadvika tel kvart minutt, ifylgje Kjerstad.

Han prisar seg lukkeleg ovet at ankeret på hurtigruteskipet heldt.

– Ankeret er den tryggleiken ein har tilgjengeleg i slike situasjonar. Denne gongen såg det ut til å fungere slik det er tenkt, i motsetning til Viking Sky. Då heldt ikkje ankeret og situasjonen var atskilleg verre, seier Kjerstad.

Norvald Kjerstad

Norvald Kjerstad er dosent ved NTNU i Ålesund. Han har undervist i nautiske fag i mange år.

Foto: Trond Vestre / NRK

Tankane kjem i uvêr

Sidan den dramatiske redningsaksjonen då Nils Kristiansen og mannskapet på lasteskipet blei berga av eit helikopter i 2019, har han passert Hustadvika mange gongar. Det er rutine og han er ikkje redd.

– Å vere sjømann handlar om å ta dei rette vala. Vi lukkast som regel, seier Kristiansen.

Men han innrømmer at å passere Hustadvika i dårleg vêr gjer han ekstra merksam.

– Eg tenker på det når vêret er dårleg. Då er du ikkje heilt komfortabel i situasjonen, seier Kristiansen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL