– Eg vart veldig overraska at vi kom i denne situasjonen, det var ikkje så dårleg vêr at det ikkje var mogleg å komme seg over på ein sikker måte, seier kapteinen om bord Hagland Captain, Nils Kristiansen (60) frå Henningsvær.
Lasteskipet Hagland Captain var på Malo tømmerkai i Langfjorden, for å laste tømmer laurdag føremiddag før dei skulle segle vidare. På radioen høyrde dei dramatikken som var i ferd med å skje på Hustadvika.
– Vi fekk med oss dramaet på Hustadvika over radioen. Vi rekna med vi skulle passere nære denne båten når vi skulle forbi, seier Kristiansen.
Lasteskipet skulle frakte tømmer til Skogn i Trøndelag, ein tur dei har gjort fleire gonger. Hustadvika var ikkje eit ukjent farevatn for kaptein Nils Kristiansen.
– Det var grov sjø og mykje vind, bølgjene var opp mot femten meter og vinden var vel om lag 25 meter i sekundet, men ikkje noko lasteskipet ikkje skulle klare å takle, seier Kristiansen.
Å komme seg over Hustadvika skulle ikkje vere noko problem, lasteskipet låg stabilt.
– Vi såg jo cruiseskipet når vi segla forbi, med fleire helikopter som flaug over, og andre båtar som var kommen til for å hjelpe til. Alle om bord sto å følgde med på dramatikken, seier han.
Mista straumen
Etter dei hadde passert Viking sky skjedde det som kapteinen ikkje hadde rekna med, motoren stoppa.
– Det bygde seg opp ein stor brottsjø bak oss, og den trefte ventilopninga til maskinrommet, som gjorde at vi fekk blackout i straumsystemet, seier Kristiansen.
Skipet fekk ei kraftig slagside, og mykje av tømmeret dei hadde med seg la seg på ei side.
– Når vi då fekk i gang naudstraumen var det gjort, vi hadde ikkje moglegheit til å få skipet tilbake i stabilt leie.
Då vart det brått dramatisk.
– På Hustadvika har du lite tid når ulykka først er ute, det skal ikkje mykje til før du treff fjøresteinane.
Heldigvis klarte dei å få ut ankeret, og prøvde å rette opp noko av skadane, men det var ikkje mogleg, og dei måtte sende ut mayday-signal.
REDDA AV HELIKOPTER. Mannskapet på ni vart alle redda opp frå sjøen av helikopter.
– Vi var veldig heldige at det var helikopter i umiddelbar nærleik, dei var rett over oss etter mayday-signalet vart sendt ut.
Dei fekk beskjed om å hoppe i sjøen ein etter ein, så ville helikopteret plukke dei opp frå sjøen. Kapteinen var sist.
– Det hadde jo gått bra med dei åtte andre som hoppa, men det var litt skummelt. Dette er jo ein situasjon vi har trent på, men det er klart det er annleis når det faktisk er alvor, seier kapteinen.
Det var kraftige bølgjer som herja rundt dei. Dei kunne berre sjå sjø så langt auge rakk, sjølv om dei ikkje var så langt frå land.
– Eg var ikkje redd for døy, men eg tenkte på familien min heime, om eg hadde sagt alt eg ville til dei, seier han.
Takkar redningsmannskap
Kapteinen er veldig glad for at alt gjekk så bra, men meiner ikkje det var ei feilvurdering å gå.
VAR HELDIG: Kristiansen seier dei var heldig med at redningsmannskapet var så nærme.
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK– Det kunne ha gått veldig gale, det innser eg i ettertid. Vi var veldig heldig at redningsmannskap var i umiddelbar nærleik.
Han takkar redningsmannskapet for hjelpa dei fekk.
– Det var nesten overveldande. Når vi kom til Brynhallen vart vi nærmast bore ut av helikopteret, seier Kristiansen.
I Brynhallen fekk dei tørre klede og mat, før dei vart frakta vidare til ein stad dei fekk overnatte.
Lasteskipet vart liggjande i Hustadvika til måndag, då det vart frakta til Averøya, der det blir gjort undersøkingar om skipet har fått noko skade. Ifølgje Sjøfartsdirektoratet skal ikkje skipet ha hatt grunnberøring.