NRK Meny
Normal

Dette kan du snart berre gløyme

Den faste avlesinga av straummålaren din, kan du snart berre gløyme. I løpet av kort tid blir det innført nye straummålarar i alle heimar. Men ekspertane er ikkje samde om kor smart det er.

Strømmåler illustrasjon
Foto: Fjeldstad, Knut / SCANPIX

Dei nye straummålarane blir gjerne kalla "smarte straummålarar", og allereie neste år kan du bli blant dei første som får ein slik. Han skal først og fremst gjere det enklare for deg å følgje med kor mykje straum du brukar.

Vi startar utskiftinga i løpet av 2016, og meininga er at vi skal vere ferdige til 1. januar 2019, seier styreleiar Stein Bergheim i selskapet Smart Hub.

Les også:

Skarp kritikk mot målarane

Kontraktsunderskriving

F.v. Per-Otto Lie, salssjef for Kamstrup i Noreg og Stein Bergheim, styreleiar i Smart Hub signerte kontrakten fredag.

Foto: Gunnar Sandvik

Fredag underteikna selskapet Smart Strøm Nordvest kontrakt på levering av 150 000 nye straummålarar til Møre og Romsdal. Og medan NVE og Forbrukarrådet har ivra for å få på plass målarane, har også mange vore skeptiske.

Tidlegare i vår sa konsernsjefen i Lyse, Eimund Nygaard, at dei automatisk straummålane (AMS) har lite for seg.

– Det er fare for at AMS kan bli ei gigantisk feilinvestering, sa han under den årlege kraftkonferansen til Paretos i Oslo.

Etterlyser fleire krav

Automatisk straummålar

Før 1. januar 2019 skal alle i Noreg ha slike målarar.

Foto: Kamstrup

Noko av utfordringa er ifølgje skeptikarane at styresmaktene ikkje har sett krav til kor avanserte straummålarar kraftselskapa skal levere til forbrukarane.

Forskarar ved Cicero og Senter for utvikling og miljø (SUM) meiner ifølgje Adressa at dette vil kunne føre til at mange får mindre kontroll over eige straumforbruk. Stikk i strid med intensjonen.