NRK Meny
Normal

Mange forventer millionar

Fleire sentrale vegar i fylket er avhengige av eit økonomisk rammeløft når regjeringa legg fram Nasjonal Transportplan i dag.

Lange køer etter jordras på E136

Lastebilnæringa håper at E136 gjennom Romsdal blir betra. Andre håper at det blir meir gods til sjøs.

Foto: Terje Reite

I dag kl. 12.00 legg regjeringa fram Nasjonal Transportplan for 2014–2023. Les om dei ulike forventingane folk i Møre og Romsdal har til regjeringa sine millionar.

Sverre Jan Rønneberg

Sverre Jan Rønneberg i Norges lastebileierforbund.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Lastebilnæringa håper på lovnader om ei opprusting av hovudfartsåra frå Møre og Romsdal og sørover mot Oslo.

– Vegen er for smal og den er ikkje etter dagens standard, seier Sverre Jan Rønneberg i Norges lastebileierforbund.

Positiv overrasking

No håper han at regjeringa kjem med positive overraskingar i nasjonal transportplan.

– Der forventar vi at det ligg inne slik at heile Romsdalen blir fullt oppgradert i løpet av planperioden, seier Rønneberg.

Lars Olav Hustad

Ordførar Lars Olav Hustad i Rauma.

Foto: Trond Vestre / NRK

Høgre-ordførar Lars Olav Hustad i Rauma meiner det er på høg tid at E136 får større løyvingar.

– Det er jo den største eksportvegen i ut av fylket vårt. Massevis av tungtransport køyrer oppover Romsdalen og E136 som i mange tilfelle er altfor dårleg vegstandard på, seier Hustad.

Meir gods til sjøs

Medan nokre håper på lovnader til veg, vil andre ha meir gods frå land til sjø. Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest håper det blir satsing på sjøtransport.

Arnfinn Ingjerd

Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest.

Foto: Terje Reite / NRK

– Det er altfor mange lastebilar som dundrar opp og ned Romsdal og andre stader. 25 prosent av det som går på vegen kan overførast til tog eller til båt, seier Ingjerd.

Stortingsrepresentant og medlem i Næringskomiteen Else May Botten frå Arbeidarpartiet, er klar på kva ho meiner dei eventuelle løyvingane bør brukast på.

– For det første vil eg seie at det er viktig at ein ser på både havnestruktur og korleis ein kan utbetre dei hamnene vi allereie har i dag, seier Botten.

Den raudgrøne regjeringa har tidlegare lova 1 milliard kroner til Stad skipstunnel.

Vil ha løyving til tunnel

Ordfører Arild Iversen i Volda

Ordførar Arild Iversen i Volda håper at Voldatunnelen blir nevnt i NTP.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Volda-ordførar Arild Iversen frå KrF synest det er merkeleg om Voldatunnelen ikkje er nemnt i Nasjonal Transportplan i dag.

Tunnelen er heilt nødvendig for å unngå mykje gjennomgangstrafikk frå Kvivsvegen gjennom Volda sentrum, meiner Iversen.

– Vi har ei positiv forventing til at tunnelen i det minste skal vere omtalt i NTP, og om der også er ei løyving i tillegg er vi i alle fall fornøgde, seier Iversen.

Ordføraren trur ei ny regjering ville fått fart i sakene.

– Ja, det trur eg heilt sikkert, men det får vi vente og sjå på. Vi kjem i alle fall til å arbeide målretta for å få realisert ein heilt nødvendig tunnel forbi Volda, seier Iversen.

Trailer i grøfta mellom Tingvoll og Meisingset

Trang veg mellom Tingvoll og Meisingset kan by på utfordringar for tungtrafikken.

Foto: Eirik Haukenes / NRK
«Den gløymte veg»

Allereie i går kunne stortingsrepresentant Tove Lise Torve opplyse at riksveg 70 mellom Tingvoll og Meisingset skal få millionar frå NTP.

– Det skal brukast 360 millionar kroner de neste ti årene på strekninga, seier Torve.

Stortingsrepresentant Tove-Lise Torve frå Arbeiderpartiet og Jenny Klinge frå Senterpartiet har kjempa for at denne vegen skal bli betra.

– Det er fantastiske nyheiter. Dette har vore ei vegstrekning vi har slite med i mange år, seier Torve.