– Då eg fekk han første, var det veldig mange ting som var overveldande og nytt for meg. Til dømes var det heilt nytt for meg korleis ein skulle få til å gå på do etter at ein har født eit barn.
Trebarnsmora Ingvild Meling Havnes er på veg til buldrehallen i Ålesund for å klatre saman med andre småbarnsforeldre.
Etter å ha køyrd to gongar fordi klatreutstyret vart gløymd att i kaoset, sjølvsagt.
Kvart år får over 40.000 foreldre i Noreg sitt første barn. I tillegg kjem 30.000 barn som ikkje er den første i rekka, men som likevel byr på hundretusenvis av bleieskift, søvnlause netter og slitne foreldre.
Kvart år får Mental Helse sin hjelpetelefon for foreldre, Foreldresupport, fleire tusen oppringingar av fortvilte, slitne eller berre spørjande foreldre.
Ein joggetur fram og attende på ein islagt parkeringsplass humpar akkurat nok til at Finn slappar av. Havnes får også tjuvstarta på oppvarminga.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKJadda, han søv!
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKEndå bra at babycallen toler klatrekalk like godt som babypudder.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKÅ prioritere seg sjølv
Havnes har gjort dette med to søner før, men no er det Finn sin tur å vere med mamma på barselbuldring.
Denne eine dagen i veka er nett det Havnes tykkjer både er det mest vanskelege og lettaste med å vere mor – å av og til prioritere seg sjølv.
Ho fortel at ho ikkje fungerer utan søvn, mat, sosialt liv og fysisk aktivitet – alle ting som kan vere vanskeleg å få til som småbarnsmor.
– Då trur eg det handlar om å finne den enklaste plassen å gjere det, og det er forskjellig frå person til person, men eg har funne buldrehallen, seier ho.
Å samlast i buldrehallen er like mykje (om ikkje mest) for det sosiale, ifølgje Havnes. Her treff ho både andre foreldre og ungane deira, som vesle Matilde.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK– Buldring er på ein måte min psykolog, seier Havnes. Ho fortel at ho både treng å bruke kroppen og fokusere på andre ting i nokre minutt medan dei andre foreldra passar ungane på matta eller at dei søv i vogna.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKOgså tobarnsfar Sveinung Aaker tek med seg dottera Matilde i buldrehallen for å få brukt tid på seg sjølv og late dottera vere sosial.
– Når ein berre treng å handtere ein unge, so er det ganske enkelt altso. Eg har jo lært ein del av den første permisjonen, so vi er ganske effektive til å kome oss ut. Her har vi rutinane på plass, seier han medan han prøver å få ei skei med graut i ein litt motstridig unge.
– Den største utfordringa er vel trassalder på treåringen. Men elles er det nok det vanlege som småbarnsforeldre slit med, som mangel på søvn. Det er vel hovudproblemet, seier Aaker.
Og nett det er eit av dei vanlegaste frustrasjonane foreldre søkjer hjelp med, ifølgje Mental helse.
Sveinung Aaker seier dei største utfordringane eigentleg er med ungen i trassalderen, men seier det har blitt nokre søvnlause netter med vesle Matilde også.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK«Er dette normalt?»
Det er eitt av dei vanlegaste spørsmåla Mental Helse sin hjelpetelefon for foreldre får. I tillegg kjem spørsmål om kva tid ein bør ringje legevakta og om det er ok å føle på frustrasjon ofte.
Ida Engelstad er fagansvarleg for hjelpetelefonen Foreldresupport. Ho er oppteken av at problema foreldre møter må bli normalisert utan at dei vert bagatellisert.
Foto: Privat– Dei aller fleste treng eigentleg berre at nokon lyttar og ikkje dømmer, seier Ida Engelstad, som er fagansvarleg i Foreldresupport.
– Til dømes om det er ei mor som verkeleg har prøvd å amme, men ikkje får det til. At nokon seier «du har prøvd, det er godt nok», seier Engelstad.
Finn er vakna, men humøret er likevel bra. Ingvild Meling Havnes meiner det er viktig å finne aktivitetar ein kan drive med, sjølv når ein har små barn.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKLego på golvet og rot på soverommet
Etter to timar i buldrehallen er det på tide å kome seg heim att. I gangen til familien Havnes ser det ut som hjå småbarnsfamiliar flest – ei plastkrokodille ligg og vaktar nokre klede på golvet, ein klut ligg og sleng i eit hjørne og nokre halvpakka bagar med klede står i stova.
Havnes fortel at same kor mykje dei ryddar, kjem rotet alltid attende, men at det berre er slik det må vere.
Snart skal heile gjengen ut og reise, og då får sjølvsagt vesle Finn ein eigen koffert med alt han kanskje skulle kome til å trenge, medan mor må ta til takke med ei sparsam oppakking.
– Det er uendeleg mykje styr med dei her, men det er no fantastisk artig også då, seier ho og tørkar litt graut.
Heime att er det ikkje tid for å dusje eller rydde vekk treningskleda før Finn har fått si merksemd.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKHavnes fortel at særleg overgangen frå å vere to kjærestar til å verte ein familie på tre var overraskande stor og vanskeleg då dei fekk sitt første barn. No er dei fem i familien.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKRot vert det uansett innimellom.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKFemåringen i huset har teikna dei åtte husreglane familien har – reglar som gjer det lettare å vere mamma og pappa, so lenge dei vert følgde.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKHavnes fortel at ho pakkar alt mogleg Finn kan kome til å trenge når dei skal ut å reise, medan ho sjølv må ta til takke med langt mindre. Ein del av det å vere forelder.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK