Hopp til innhold

Dette betyr statsbudsjettet for Møre og Romsdal

Mange er spente på kva regjeringa kjem med i forslaget til statsbudsjettet for 2024. Her får du vite kva statsbudsjettet betyr for Møre og Romsdal.

Statsbudsjettet

Statsbudsjettet gir deg ein oversikt over korleis regjeringa har tenkt å bruke pengar neste år, og kva skatter og avgifter vi vil få.

Foto: Erik Johansen / NTB

Les om det du er mest interessert i.

Samferdsle:

  • Det blir ikkje sett i gang bygging av nye statlege vegprosjekt i Møre og Romsdal i 2024.
  • Regjeringa set av pengar til å vidareføre anleggsarbeidet på E39 Lønset–Hjelset i Molde kommune. Prosjektet omfattar bygging av tofelts veg med midtrekkverk og forbikøyringsfelt på ei 9,3 kilometer lang strekning på E39 aust for Molde. Vegen blir bygd i ny trasé. Dagens veg blir lokalveg. Prosjektet omfattar også å etablere ei sammenhengende løysing for gåande og syklande på strekninga. Prosjektet blir opna for trafikk i desember 2023. Midlane i 2024 vil gå til sluttoppgjer og gjennomføring av enkelte restarbeid.
  • Regjeringa vil løyve 6,5 milliardar kroner til Nye Veier AS i 2024. Nye Veier har ansvaret for E136 mellom Vestnes og Dombås. Delar av strekninga har dårleg standard med krappe svingar, mange kryss og avkøyringar. Det er i tillegg identifisert 11 skredpunkt på strekninga. Det er utfordringar med å kome seg fram på vinterstid på grunn av kraftig stigning fleire stadar. Reguleringsplan for utbetring ved Veblungsnes i Rauma kommune er vedtatt. Nye Veier planlegg oppstart av anleggsarbeid med både Veblungsnes og utbetringar av Stuguflåten–Raustøl i 2024.
  • Regjeringa vil vidareføre arbeidet med prosjektet E136 Breivika-Lerstad. Prosjektet omfattar bygging av 3 kilometer ny firefeltsveg i tunnel frå Breivika til Lerstad i Ålesund. I tillegg blir det bygd eit nytt toplanskryss. Prosjektet skal fremme miljøvennleg transport ved å frigjere kapasitet i vegnettet for buss og ved å legge til rette for gåande og syklande. Prosjektet skal opne for trafikk i 2027.
  • Regjeringa foreslår å løyve til saman 160 millionar kroner til dekking av kapitalkostnadar i Nordøyvegprosjektet. Beløpet vil bli utbetalt over to år.
  • Arbeidet med å byggje Stad skipstunnel blir send ut på anbod for å finne ut om det er mogleg å realisere prosjektet innanfor ramma som Stortinget har sett. Det vl koste 5,06 milliardar kroner å byggje Stad skipstunnel.
  • Regjeringa vil vidareføre ordninga med halvering av ferjetakstar og gratis ferjer i 2024. Dette blei innført 16. august 2023, og gjeld ferjer til øyer og samfunn utan vegsamband til fastlandet og ferjesamband som årleg har under 100 000 passasjerar.
  • Regjeringen vil løyve totalt 1,9 milliardar kroner til statleg kjøp av regionale flyruter i 2024. I Møre og Romsdal er følgande ruter omfatta av FOT-ordninga:
    • Ørsta-Volda–Oslo t/r. Ørsta-Volda–Bergen t/r.

Helse:

  • Regjeringen foreslår å løyve ei samla låneramme på 881 millionar kroner til oppgradering og nybygg ved Ålesund sjukehus. I tillegg skal Helse Møre og Romsdal bruke 300 millionar kroner av eigne midlar.
  • Regjeringen foreslår 25 millionar kroner til samhandlingstiltak i Kristiansund. Pengane skal gå til å styrke det distriktsmedisinske senteret som skal erstatte Kristiansund sjukehus.

Utdanning:

  • Regjeringa foreslår 360,3 millionar kroner i rammeøyving til Høgskolen i Molde.
  • Regjeringa foreslår 457,8 millionar kroner i rammeløyving til Høgskulen i Volda.
  • Regjeringa foreslår 8,5 millionar kroner i tilskot til Høgskolesenteret i Kristiansund.

Kultur:

  • Regjeringa foreslår å løyve 50 millionar kroner i eingongstilskot til lokale kulturtiltak og prosjekt over heile landet, fordelt med 1,5 millionar kroner til Viti knytt til modernisering og fornying av museets drifts- og publikumsbygningar.

Kommunane:

  • Regjeringa vil innføre grunnrenteskatt på landbasert vindkraft frå 2024. Regjeringa foreslår ein effektiv skattesats på 35 prosent. Minst halvparten av inntektene skal gå til kommunane. Dette oppnås gjennom økt produksjonsavgift og ekstra løyving i år med høy grunnrente. Totalt får havbrukskommunane 1,2 milliardar i statsbudsjettet for 2024.
  • Regjeringa vil løyve 90,4 millionar kroner i regionale utviklingsmidlar til Møre og Romsdal fylkeskommune. Regionale utviklingsmiddel skal gå til bedriftsutvikling og bedriftsretta tiltak i regi av Innovasjon Noreg, næringshagar og inkubatorprogram i regi av SIVA, omstillings- og utviklingsmidlar til kommunar og midlar til å stimulere til forsking.
  • Det er anslått at kommunane i Møre og Romsdal samla sett vil få ein nominell vekst i dei frie inntektene på 4,9 prosent. I Møre og Romsdal har 15 av 27 kommunar ein vekst som er høgare enn eller lik veksten på landsbasis. Størst vekst har Haram kommune med 7,2 prosent, mens Aure kommune har lågast vekst med 2,6 prosent. Veksten er rekna frå anslag på rekneskap for 2023.
  • Det er anslått at Møre og Romsdal fylkeskommune vil få ein nominell vekst i dei frie inntektene på 3,3 prosent. Veksten er rekna frå anslag på rekneskap for 2023.
  • I 12 av kommunane i Møre og Romsdal blir maksprisen i barnehagane halvert frå og med 1. august 2024. Dette gjeld Haram, Herøy, Stranda, Vestnes, Rauma, Aukra, Averøy, Gjemnes, Tingvoll, Sunndal, Surnadal og Hustadvika.

ringsliv:

  • Den ekstra arbeidsgivaravgifta som blei innført frå nyttår, blir vidareført i 2024. Men innslagspunktet på 750.000 kroner blir auka og avgifta skal bli fasa ut.
  • Regjeringen foreslår ingen ny turistskatt i 2024-budsjettet. Stortinget sitt anmodningsvedtak om å innføre ein kommunal/statlege turistskatt i samband med statsbudsjettet for 2024, blir følgt opp på eit seinare tidspunkt.

Landbruk:

  • Regjeringa vil auke løyvinga til Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK) med 3 millionar kroner til 9,7 millionar kroner. NORSØK bidrar med kunnskap som er relevant både for det konvensjonelle og økologiske landbruket, og som bidrar til utvikling av eit meir berekraftig, miljø- og klimavennleg landbruk. Auken vil mellom anna bidra til utvikling og formidling av kunnskap om økologisk landbruksproduksjon til produsentar, styremakter og organisasjonar.