Hopp til innhold

Desse hadde størst inntekt i Møre og Romsdal

Anders Pedersen frå Ålesund toppar lista over dei som hadde størst inntekt i Møre og Romsdal i 2021. Han hadde ei inntekt på 101.985.818 kroner. Pedersen er gründer og eigar av klippfiskprodusenten Fjordlaks.

Som nummer to på lista kjem Knut Trygve Flakk, også frå Ålesund (bildet). Han hadde ei inntekt på nesten 79 millionar kroner. Han er direktør for Flakk Gruppen.

På tredjeplass finn ein Michael Sigurd Westerberg frå Molde med ei inntekt på 68.002.642. Han har auka inntekta si kraftig frå 2020 då den var på rundt 7,7 millionar.

Nummer fire på lista er Helge Ivar Strømskag frå Kristiansund. Han hadde ei inntekt på 64.156.374. Han er mellom anna dagleg leiar i Azets Legeregnskap og Bruhagen Sentrumsbygg AS.

Den femte på lista er Kenneth Holstad i Molde. Han hadde ei inntekt på 58.677.740.

Knut Flakk
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL