Hopp til innhold
Skattebetalere, skatteytere, skattelister 2019
Foto: Skatteetaten

Skattelistene i Møre og Romsdal

  • Troner på inntektstoppen

    Med en inntekt på 7,8 millioner kroner er det Jørgine Vasstrand fra Ålesund, eller Funkygine, som tjente mest i 2021 av de influenserne NRK har undersøkt. Det er opp 3,6 millioner kroner fra 2020.

    Vasstrand har over 661.000 følgere på Instagram, og havnet nylig på andreplass i «Skal vi danse: All Stars». I tillegg har hun gitt ut flere bøker og vært programleder for flere serier, deriblant NRK-serien «Norges tøffeste».

  • Desse hadde størst formue

    Ifølge skattelistene er det Egil Giørtz frå Ålesund som hadde den største formuen i Møre og Romsdal i 2021. Han er mellom anna direktør i selskapet H.I. Giørtz. Han hadde ei nettoformue på 535.344.728.

    Neste på lista er Lars Ove Løseth frå Surnadal (bildet). Han eig og drifter ein rekke kjøpesenter, blant anna Alti-sentera. Han har nesten dobla formuen si sidan 2020 og hadde i fjor ei formue på 420.892.404. Også inntekta han auka i 2021.

    Nummer tre på lista er Christin Pedersen frå Ålesund. Ho jobbar mellom anna i familiebedrifta Fjordlaks, men er også dagleg leiar i selskapet Cap Bil AS. Dei sel mellom anna mopedbilar.

    Neste på lista er Roger Hofseth i Ålesund. Han hadde ei formue på 294.673.278. Hofseth er mellom anna dagleg leiar i sjømatselskapet Hofseth AS.

    Som nummer fem på lista finn ein Amund Pedersen frå Ålesund. Han er ein del av familiebedrifta Fjordlaks og dagleg leiar av Abacs AS.

    Lars Ove Løseth
    Foto: Roar Halten / NRK
  • Desse hadde størst inntekt i Møre og Romsdal

    Anders Pedersen frå Ålesund toppar lista over dei som hadde størst inntekt i Møre og Romsdal i 2021. Han hadde ei inntekt på 101.985.818 kroner. Pedersen er gründer og eigar av klippfiskprodusenten Fjordlaks.

    Som nummer to på lista kjem Knut Trygve Flakk, også frå Ålesund (bildet). Han hadde ei inntekt på nesten 79 millionar kroner. Han er direktør for Flakk Gruppen.

    På tredjeplass finn ein Michael Sigurd Westerberg frå Molde med ei inntekt på 68.002.642. Han har auka inntekta si kraftig frå 2020 då den var på rundt 7,7 millionar.

    Nummer fire på lista er Helge Ivar Strømskag frå Kristiansund. Han hadde ei inntekt på 64.156.374. Han er mellom anna dagleg leiar i Azets Legeregnskap og Bruhagen Sentrumsbygg AS.

    Den femte på lista er Kenneth Holstad i Molde. Han hadde ei inntekt på 58.677.740.

    Knut Flakk
    Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK
  • Røkke ned frå førsteplassen

    Aker-eigar Kjell Inge Røkke er ikkje lenger den med størst formue i Noreg. I år hamnar han som nummer to på lista med ei formue på 17.841.930.790.

    På skattelistene over dei med størst inntekt i 2021 finn ein Bjørn Rune Gjelsten på andreplass med ei nettoinntekt på 584.366.401.

  • Desse hadde mest i formue

    Egil Giørtz frå Ålesund toppar lista over dei som har størst formue i Møre og Romsdal med over 559 millionar. Det viser skattelistene for 2020. Etter han kjem:

    – Knut Trygve Flakk, Ålesund, 437,8 millionar kroner.

    – Maria Lilly Flakk, Ålesund, 431,7 millionar kroner.

    – Hege Sævik Rabben, Herøy, 374,5 millionar kroner.

    – Njål Sævik, Herøy, 366 millionar kroner.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL