Desse hadde størst formue
Ifølge skattelistene er det Egil Giørtz frå Ålesund som hadde den største formuen i Møre og Romsdal i 2021. Han er mellom anna direktør i selskapet H.I. Giørtz. Han hadde ei nettoformue på 535.344.728.
Neste på lista er Lars Ove Løseth frå Surnadal (bildet). Han eig og drifter ein rekke kjøpesenter, blant anna Alti-sentera. Han har nesten dobla formuen si sidan 2020 og hadde i fjor ei formue på 420.892.404. Også inntekta han auka i 2021.
Nummer tre på lista er Christin Pedersen frå Ålesund. Ho jobbar mellom anna i familiebedrifta Fjordlaks, men er også dagleg leiar i selskapet Cap Bil AS. Dei sel mellom anna mopedbilar.
Neste på lista er Roger Hofseth i Ålesund. Han hadde ei formue på 294.673.278. Hofseth er mellom anna dagleg leiar i sjømatselskapet Hofseth AS.
Som nummer fem på lista finn ein Amund Pedersen frå Ålesund. Han er ein del av familiebedrifta Fjordlaks og dagleg leiar av Abacs AS.