Hopp til innhold

Desse feirar Halloween fleire dagar

Mange barn deltek på fleire Halloween-feiringar. – Det er ikkje slik USA gjer det, men det er slett ikkje feil måte å feire på likevel, seier forskar.

Halloween

Ishak Darjee og Glenn-Marcus Bjørnhaug Høiland er klar for å feire Halloween både med fotballaget, i klassen og gå på dørene i nabolaget.

Foto: NRK

Dagen for å kle seg ut i skremmande kostyme og ringe på dørene for å be om godteri nærmar seg. Rundt 25 prosent av befolkninga i Noreg feirar Halloween.

I Ålesund gler kompisane Ishak Darjee og Glenn-Marcus Bjørnhaug Høiland seg til helga. Dei skal ikkje berre markere Halloween ein dag, men heile tre dagar. Fredag var det feiring saman med fotballaget, laurdagen er det med klassen og måndag 31. oktober skal dei sjølvsagt ringe på dørene i nabolaget.

LES OGSÅ:

Godteri kvar dag

– Vi skal ete godteri dagen lang, seier Ishak. Begge 3.-klassingane har antrekka klare og det går i skjelettkostyme.

Mamma Tone Bjørnhaug synest det kan bli i meste laget med tre Halloweenfeiringar.

– Det kan bli mykje, men ungane kosar seg og det er berre ein gong i året. Sidan foreldre er med, blir det jo sosialt for oss også, seier Bjørnhaug.

Ho har inntrykk av at mange barn feirar Halloween på same måte som sonen Glenn-Marcus og kompisen Ishak, anten med nabofestar, klassefestar eller gjennom lag og foreiningar.

Forebereder seg til Halloween

Tone Bjørnhaug meiner det er i meste laget å feire Halloween tre dagar, men trøystar seg med at det er berre ein gong i året.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Ein fest for familiar

Forskar Virginie Amilien ved SIFO kjenner ikkje til at barn feirar Halloween mange dagar, men ser ikkje noko gale i det.

– Det er ikkje slik USA gjer det, men det er slett ikkje feil måte å feire på likevel. Halloween er importert av handelsstanden. Det er fantastisk at forbrukarane klarer å gjere feiringa til si eiga, seier Amilien.

Ho forska på Halloween i Noreg i 2013 og såg at denne barnefesten var ei gyllen anledning for foreldra til å vere saman med barna.

– Dette er ein fest der familiane får involvere seg saman. Ein kan førebu seg i fleire veker med til dømes kostyme og matlaging, seier Amilien.

Nye tradisjonar

Ho seier at Halloween ikkje er ein etablert tradisjon i Noreg med fastlagde rammer, slik som jul og påske. Dermed kan kvar einskild definere kva dei vil legge i Halloween-feiringa.

For skulen og barnehagar kan dette vere ei moglegheit til å inkludere alle i eit fellesskap.

– Det er gøy, så kvifor ikkje feire fleire dagar? Så er det opp til foreldra å avgjere korleis dei skal gjerast og kor mykje godteri som er lov, seier forskaren.