Hopp til innhold

Denne vesle bygda har eit av landets største fyrverkerishow

Dei 80 husstandane i den vesle bygda Glomset på Sunnmøre kan glede seg til landets største fyrverkerishow målt per innbyggjar nyttårsaftan.

Fyrverkeri på Glomset 2016

STØRST: Kenneth Hurlen arrangerer landets største fyrverkerishow målt per innbyggar i heimbygda Glomset i Skodje. Dette biletet er frå jubileumsshowet i fjor.

Foto: Kenneth Hurlen

Det heile byrja i hagen med vanlege batteri for 11 år sidan. No arrangerer Kenneth Hurlen eit av landets største fyrverkerishow med ein prislapp på om lag 300 000 kroner i heimbygda i Skodje.

Kenneth Hurlen

INITIATIVTAKAR: Kenneth Hurlen er pyroteknikar og har tatt initiativ til det forrykande showet på Glomset på Sunnmøre.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Eg ynskte å gi ei tryggare feiring for venner og kjenningar, men så balla det heile på seg. Eg har alltid lyst til å gjere litt meir enn året før, seier initiativtakar Hurlen.

Ny rekord i år

Trass i at det var 10 års jubileum i fjor, vil det smelle enda hardare i år. Showet når nye høgder med ny rekord i kilo krut og tal luftbomber. Ved midnatt skal heile 530 luftbomber og 290 kilo krut skytast opp samanhengande i 11 minutt.

– Intensjonen er å gi folk eit fint show. Eg gjer dette fordi eg syns det er gøy og har tilgang på varene, fortel Hurlen.

For ikkje nok med at det er eit av landets mest spektakulære fyrverkerishow, så er det heile regissert av verdsmeisteren i fyrverkeri for 2017. Hurlen og firmaet North Star Fireworks sikra norsk siger i VM i fyrverkeri i Berlin i september.

Kenneth Hurlen førebur fyrverkerishow på Glomset i Skodje

MYKJE JOBB: Allereie klokka 07.00 nyttårsaftan byrja Kenneth Hurlen å førebu årets fyrverkerishow. Det ligg mykje arbeid bak eit av landets største fyrverkerishow.

Foto: Privat

Lokalt spleiselag

Men det som gjer det forrykande showet mogleg er bidrag frå lokale innbyggjarar og næringsliv. Pyroteknikaren tek ei vurdering basert på fjorårets innkomst og planlegg størrelsen på ladningane ut ifrå det. Han vel likevel alltid å lade litt ekstra kvart år.

– Sjølv om vi har auka, er folk likevel med på auke sine bidrag. Det kjem pengar på førehand og som regel også kvelden like før oppskytinga også, seier Hurlen.

Det tyder på eit stort engasjement i den vesle bygda. Men også tilreisande er med å bidra. Hurlen seier at det som regel går i balanse økonomisk. Men han gjer ikkje dette for pengane sin del, det er rein idealisme. I tillegg er han oppteken av tryggleiken eit felles fyrverkeri gir.

– Sparer vi eit auge, eit hus eller ein bil har vi gjort ein god jobb, seier Hurlen.

Håper fleire tek turen

Han har vore oppe sidan klokka 07 i dag tidleg for å førebu showet. No håper han fleire vil ta turen for å få med seg det gigantiske fyrverkerishowet.

– I fjor trur eg det var om lag 2000–3000 som såg det. I år trur eg det kjem mykje folk, fortel Hurlen.

Startskotet er venta å gå ved midnatt.

I videoen kan du sjå fjorårets jubileumsshow:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL