Hopp til innhold

Han lagar julemat til kyrkjegjestane

Rundt om i heile landet samlast folk til alternative julefeiringar. I Molde domkirke skal 75 personar feire julaftan og det betyr mykje arbeid for kokken Gossa-Per.

Per Olav Solem

Per Olav Solem lagar julemiddag til felles julefeiring i Molde domkirke.

Foto: Roar Strøm / NRK

Per Olav Solem, eller Gossa-Per, som han blir kalla, har full kontroll over julemiddagen der han står over grytene på Gildehallen. Å lage julemat til 75 personar inneber tre døgn med arbeid.

– Det er ei stor glede for meg å halde på her og lage maten frå grunnen av. Ingenting her er i nærleiken av halvfabrikat. Gjestane skal få berre det beste, seier Solem.

I fleire kjelar står pinnekjøtet og trekker, slik at det skal bli god kraft. På menyen står også svineribbe med tilbehøyr.

Første gang i kyrkja

Det er første gang Molde domkirke opnar dørene for dei som ynskjer å feire jul saman med andre.

– Det er heilt overveldande og så positive reaksjonar vi har fått. Det er kjekt å gjere noko slikt som kan bety ein forskjell for nokon, seier diakon i domkyrkja, Kristin Endresplass Ervik.

Veslejulaftan og dagen før var det fleire som deltok i pynting av borda og pakking av gåvene. To av dei var småbarnsmødrene Anne Vik Pettersson og Anne Mette Nerbøberg som skal delta i julefeiringa.

– Det blir kjempeartig. Det trur eg det blir, seier Petterson. Dei gler seg ekstra til maten.

Pyntar til felles julefeiring i Molde domkirke

75 små og store har meldt seg på julefeiringa som vert halden i Molde domkirke for aller første gang. Ada Nerbøberg og Ina Opstad Petterson pyntar tre.

Foto: Roar Strøm / NRK

Lukt av pinnekjøt i kyrkja

Også kokken Gossa-Per ser fram til å fylle kyrkja med lukta av pinnekjøt. Han trur gjestane som går i den siste gudstenesta julaftan kjenner eit snev av julemiddag og får god julestemning.

– Eg gler meg, seier Per Olav Solem, som også sjølv skal delta på den felles julefeiringa i kyrkja.