Hopp til innhold

Den sikta budde ikkje på mottaket

Den 18 år gamle mannen som er pågripen og sikta for drapet på asylmottaket på Sunndalsøra i går kveld, budde ikkje sjølv på mottaket.

sunndal

Ambulansepersonell på veg inn på asylmottaket i går kveld.

Foto: Jan Ødegård / Aura Avis / NTB scanpix

Kjelder på mottaket fortel til NRK i føremiddag at mannen heller ikkje budde i Sunndal kommune, men hadde kome på besøk. I pressemeldinga som politiet sende ut i går kveld gjekk det fram at både han og den drepne budde på asylmottaket. No har det kome fram at berre den 17 år gamle jenta budde på staden. Ho var einsleg asylsøkar. Ho døydde etter å ha blitt påført knivstikk, og livbergande behandling lukkast ikkje.

Skal følge opp

Ordførar Ståle Refstie i Sunndal

Ordføraren kjem til å bli verande ved asylmottaket utover dagen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

I natt har krisegruppa vore i aktivitet, og ordførar Ståle Refstie har fått ein rapport frå politiet. Innvandrartenesta starta tidleg sitt arbeid men å få på plass helsepersonell og mannskap for å ta i vare dei som bur og jobbar på mottaket.

– No handlar det om å følge opp på beste måte. Vi kjem til å ha kompetente personar på plass utover dagen. Også rådmannen og eg blir her blant folk som har tilhald på og ved mottaket, seier ordføraren.

Drapsvåpenet

Samtidig held etterforskinga fram, og mellom anna blir det leita etter drapsvåpenet. I morgontimane var det framleis ikkje funne, skriv Adresseavisen. Ifølge avisa blei også ein annan person stukken i handa med kniv og fekk lettare skadar i går kveld.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL