Delte om Raudsand

Arbeidarpartiet i Nesset utelukkar ikkje at medlemmer kan bli ekskludert etter å ha sagt ja til eit nasjonalt deponi for avfall på Raudsand. Tidlegare i veka vedtok partiet å binde gruppa i kommunestyret, men trass i det braut fleire ut og stemte ja. Gruppeleiar for Ap i kommunestyret i Nesset, Toril Melheim Strand, ser at det kan oppfattast som illojalt at ho i går gjekk på tvers av vedtaket til lokallaget om å stemme imot planane. Likevel stemte ho ja til reguleringsplanen. Ho var imot at lokallaget skulle binde stemmene og seier at ho er valt inn for å kjempe for fleire arbeidsplassar i Nesset.

Raudsand planar
Foto: Bergmesteren/Stena Recycling