Hopp til innhold

Dedé på veg tilbake?

AaFK-spissen Dedé Anderson er truleg på veg tilbake til Ålesund etter eit langt og ureglementert opphald i Brasil.

Dede Anderson
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Dedé er stroken frå lønningslista til Aalesunds Fotballklubb fordi han ikkje er komen att frå Brasil etter juleferien.

Investor Leif Haagensen frå Ålesund er i Brasil no og har møtt Dedé fleire gonger. - Årsaka til det lange fråværet er at far til Dedé har vore alvorleg sjuk, seier Haagensen til TV 2 Sporten. Dedé er tilbake i Ålesund om kort tid, og han skal ha med seg ei sjukmelding som viser kvifor han har vore borte så lenge.

- Dedé seier at han har trent kvar einaste dag og at han er klar til seriestart, seier Leif Haagensen.