Hopp til innhold

Datatrøbbel i nye Ålesund

Tilsette ved Eidet omsorgssenter i Tennfjord er oppgitt over vanskeleg datakommunikasjon etter at senteret blei ein del av Ålesund kommune. Skjema som tidlegare kunne bli behandla på ein PC, må no bli skrive ut og sendt som brev til rådhuset. – Enkelte dagar kjenner ein på den utfordringa at det går treigt, seier avdelingsleiar Vivian Maridal. Stabssjef for teknologi i kommunen, Helge Veum, fortel at dei som jobbar med IT-support får mange førespurnader om dagen, men at det er ein del tunge arbeidsprosessar dei må gjennom no i overgangen.

Dataproblem i Ålesund kommune
Foto: Alf Jørgen Tyssing / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL