Hopp til innhold

Molde-ordføraren: – Arbeiderpartiet driv kameraderi

I samband med lynvisitten til helseministeren, valde Molde-ordførar Torgeir Dahl (H) å avsløre det han meiner er sanninga om kvar eit nytt, felles sjukehus ikkje skal ligge. Det får helsetoppane til å reagere.

Torgeir Dahl

Molde-ordførar Torgeir Dahl meiner Molde kan sjå langt etter eit felles sjukehus liggjande nært byen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Dahl meiner å vite at Sosial- og helsedepartementet like før jul ga administrasjonen i Helse Midt-Norge klåre signal. Signal som tyder på at eit felles sjukehus for Molde og Kristiansund, plassert i nærleiken av Molde, ikkje vil bli godkjent.

– Eg har hundre prosent sikre kjelder som seier at departementet endå ein gong overstyrer den faglege prosessen. Dei har sagt at dei ikkje skulle gjere det, men her kom det eit klart signal frå departementet at plassering nært Molde ikkje ville bli akseptert, seier Torgeir Dahl.

Støre

Helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre stiller seg undrande til det Torgeir Dahl hevdar.

Foto: Roar Strøm

Lei av Ap-friarferd

Høgre-ordføraren har no sett seg lei av det han meiner er ei friarferd frå Arbeiderpartiet retta mot sjukehusa.

– Det provoserer meg at dei endå ein gong driv slik turnéverksemd som vi har sett litt for mange gongar før. Det blir litt for mykje politikk og litt for lite fokus på helse.

Torgeir Dahl går så langt som å hevde at Arbeidarpartiet driv kameraderi.

– Eg føler eit behov for å fortelje om korleis spelet verkeleg er, og det er veldig trist at det går ut over regionen og pasientane våre. Dette må det bli slutt på. Vi er heller nøydde til å leggje faglege kriterium til grunn, både helsefaglege og samfunnsfaglege, seier Dahl.

  • Les også:

Saka held fram under videoen.

Helse Midt-Noreg skal i følgje Molde-ordførar Torgeir Dahl ha fått beskjed frå departementet om at eit nytt sjukehus i nærleiken av Molde ikkje ville bli godkjend. Det seier ordføraren i samband med helseministeren sitt besøk onsdag.

Fryktar for ny regjering med Ap

Ordføraren trur valet av plassering for sjukehuset vil vere avhengig av korleis valet i haust går.

– Eg fryktar at med Arbeiderpartiet i regjering så får vi aldri eit nytt fellessjukehus for Nordmøre og Romsdal liggjande nært Molde. Dette trass i faglege vurderingar som tilrår det motsette, seier Torgeir Dahl.

Helseministeren undrande til Dahl

Helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre undrar seg over Torgeir Dahl sitt utspel. Han avviser at han favoriserer eit felles sjukehus i Kristiansund framføre Molde.

Gahr Støre meiner det er viktigare å fokusere på å få gjort eit godt vedtak.

– Dersom prosessane og spelereglane blir følgt vil eg ha respekt for det vedtaket som blir gjort. Eg har tru på at dei grundige utgreiingane som no blir gjort vil gi eit godt svar på kva alternativ ein bør gå for.

– Eg tek ikkje spesielt omsyn til om ein vel verken den eine eller den andre byen, seier helseministeren avslutningsvis.

– Heilt feil!

Administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Astrid Eidsvik, er som helseministeren svært forundra over utspelet til Molde-ordførar Torgeir Dahl. Ho meiner han ikkje har rett i påstandane sine.

– Det er heilt feil slik som Dahl hevdar, at prosessane som eg er ansvarleg for vart styrt av departementet. Det har aldri vore tilfellet.

Astrid Eidsvik

Administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Astrid Eidsvik, seier utspelet til Molde-ordførar Torgeir Dahl er feil.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

Kan vere skadeleg for prosessen

Direktøren meiner utspelet til Torgeir Dahl i verste fall kan vere skadeleg.

– Vil du seie at slike utspel kan verke negativt på prosessen?

– Det vil eg hevde. Det blir sådd tvil om prosessane våre. Vi gjer eit seriøst, fagleg arbeid. Ynskjet vårt er å få til gode relasjonar mellom dei ulike fagmiljøa, og når vi får slike utspel i fleisen kan slike ting bli vanskelegare for oss å handtere, seier Astrid Eidsvik.