Hopp til innhold

Klasseturen til Budapest blei erstatta av luksushelg i Geiranger

Turen til Budapest skulle avslutte ungdomsskuletida og bli eit minne for livet. 300.000 kroner var samla inn gjennom dugnad, men så måtte planane endrast på grunn av korona.

RIB-tur i Geirangerfjorden

GLAD GJENG: 10.-klassingane brukte pengane dei hadde samla inn på opplevingar i heimfylket.

Foto: Arve Krogsethagen

I tre år har dei 34 tiandeklassingane ved Vatne ungdomsskule på Sunnmøre planlagt Budapest-turen. Dei har selt fisk, 17. mai-kaker og arrangert LAN-samlingar for å finansiere reisa, og gleda seg veldig.

– Vi håpte lenge at koronakrisa ikkje skulle vare så lenge, men då vi innsåg at turen blei avlyst, blei vi veldig skuffa, seier Bendik Tennøy Urkedal (16)

– Veldig trist

Elevane frykta at dei ikkje skulle få avslutte grunnskulelivet med ei god sosial samling for heile klassen.

– Det var veldig trist. Vi hadde planlagt å ha skikkeleg «guttastemning» på turen, fortel han, til stor jubel og latter frå gjengen i bakgrunnen.

For tur og god stemning blei det. Men ikkje til Budapest.

Kajakktur i Geiranger

Kajakktur i Geirangerfjorden.

Foto: Arve Krogsethagen

To og ein halv times køyring frå heimbygda ligg nemleg turistmetropolen Geiranger. Til vanleg er hotella fullbooka og bygda full av turistar frå heile verda på denne tida. Men korona har ført til svært tøffe tider for dei som lever av turisme.

Foreldra til 10.-klassingane sjekka med rektor og kommunelege om det var greitt å legge turen hit, og fekk positiv respons.

– Eg er veldig glad vi hamna her. For oss foreldra er det jo også enklare å halde kontroll på dei her enn i ein storby. Og så er det kjekt at vi kan gi pengane til lokale bedrifter som slit litt i desse tidene, seier Arve Krogsethagen, ein av sju foreldre som er med på turen.

Bendik Tennøy klar for middag på Hotel Union i Geiranger.

Bendik Tennøy Urkedal klar for middag på Hotel Union i Geiranger.

Mange opplevingar

Klasseturen er spekkfull av opplevingar som folk frå heile verda kjem for å nyte til vanleg.

Dei bur på ærverdige Hotel Union i Geiranger der dei kosar seg med tre rettars middagar, basseng og diskotek. Dei har vore på RIB- eller kajakktur i verdsarvfjorden, og måndag skal dei i klatreparken i nabobygda Valldal.

– Vi har det veldig kjekt. Det kunne ikkje blitt betre. Folk som bur her seier det er den finaste helga på lenge, fortel Bendik Tennøy Urkedal.

Og temperaturen i Geiranger denne søndagen: 28 grader.

– Vêret er jo fantastisk, men det var det eg som hadde ansvaret for, så det var bestilt. Vi kosar oss med luksus og avslapping og har det veldig kjekt saman, seier Arve Krogsethagen.

Klare for middag i Geiranger

Klare for trerettars middag.

Foto: Arve Krogsethagen

Håper fleire gjer det same

Administrerande direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold er glad for at klassa og foreldra valde å bruke den store reisekassa i heimfylket då korona sette stoppar for Budapest-turen.

– Denne klassa har verkeleg skjønt det. Noreg er ein reisedestinasjon i verdsklasse, ikkje berre med flott natur, men også flotte opplevingar. Normalt ville jo folk strøymt hit frå heile verda, men i sommar får vi dette paradiset for oss sjølve. Eg håper mange fleire følger dette eksempelet, seier administrerande direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold.

Administrerende direktør Kristin Krohn Devold, NHO Reiseliv

Administrerande direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold

Foto: Eivind Fondenes

Ho håper mange vil bruke sommaren til flott Noregsferie, fryktar at ferierande nordmenn ikkje klarer å berge reiselivsbedriftene åleine. Til det er krisa for stor. Ho trur færre smittevernrestriksjonar og opning av konferansemarknaden må til for å unngå mange konkursar.

– Reiselivet står midt i ei historisk krise som vil prege bransjen lenge. Tradisjonelt bruker norske gjestar mindre pengar enn utanlandske turistar, så vi har dessverre liten tru på at Noregsferie kan redde reiselivet, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL