Regjeringa la fram forslaget om eit slikt senter for eit år sidan, i samband med at stortingsmeldinga om grunnopplæring blei lagt fram.
Over statsbudsjettet har senteret fått ei løyving på seks millionar kroner for 2005.
Senteret skal leie og koordinere arbeidet med å utvikle innhaldet, arbeidsmåtane og vurderingsformene i nynorskdelen av norskfaget.
Det skal også tilby skuleeigarar og skular støtte og rettleiing i arbeidet med motivasjon og læring av nynorsk.
Vidare skal senteret sette i verk systematisk og utviklingsarbeid for å fremje opplæring i nynorsk, og det skal medverke til kompetanseutvikling.
Under opninga sa Clemet at ein treng eit nasjonalt senter som kan drive systematisk forsøks- og utviklingsarbeid for å fremje nynorskopplæringa.
- Arbeidet skal vere retta inn mot innhaldet i faget, sa Clemet.
- Målet er tiltak som styrkar kompetansen, og som mottiverer elevar og lærarar, sa statsråden.