Kjell Magne Bø var akkurat stått opp, og på veg ned trappa frå 2. etasjen, då eit enormt brak gjorde at han skvatt til.
– Eg trudde først det var taket som reiste av huset vårt. Då eg kom ned og kika ut låg restane etter ei smadra campingvogn strødd i hagen. Verandaen var dekt med restane etter campingvogna. Ei heil arbeidsbrakke låg mellom sandkassa og dissestativet, seier Bø, som bur i Innfjorden i Rauma.
LES OGSÅ:
Campingvogn i lufta
Dei uvanleg sterke kastevindane tok tak i fleire brakker og ei campingvogn på ein byggeplass om lag 50 meter unna huset til Kjell Magne Bø. Bror hans blei vitne til det som skjedde.
– Campingvogna blei løfta rett opp, og eksploderte i lufta før ho landa nede hos meg, seier Bø, og er glad for at ingen var ute i vinden.
LES OGSÅ:
Opprydding 1. juledag
I formiddag har Kjell Magne Bø rydda opp, saman med han som eig campingvogna og brakkene. Han visste at det var venta sterk vind 1. juledag, men hadde ikkje rekna med så mykje styr.
– Eg visste det skulle blåse, men ikkje så kraftig, seier han.