Hopp til innhold

Bubil-gigantar slår seg saman og blir størst i landet

Etterspurnaden etter bubil og campingvogner har gått ned. No har to av dei største kjedene i Noreg søkt om å få slå seg saman.

Bobil Skjevlingneset rasteplass ved Bergsøysundbrua på Krifast

Bubil blei svært populært på 2000-talet. Ved inngangen til 2020 var det registrert 52000 bubilar i Noreg.

Foto: Terje Reite / NRK

Kjedene Tellus og Ferda har sendt søknad om samanslåing til Konkurransetilsynet, som har 25 dagar på seg til å seie ja eller nei til fusjonsplanane.

– Det har vore ei stor endring i marknaden. Fram til 2018 var det ein kontinuerleg auke i salet av nye bubilar. Etter dette har marknaden halvert seg, seier konsernsjef i Ferda, Leif Terje Hansen.

Bubilboom i Noreg

Perioden 2009 til og med 2019 representerte ein eventyrleg vekst i denne delen av fritidsbransjen, med nesten ei dobling i talet på bilar. Og ved inngangen til koronaåret 2020 var det rekordmange norskregistrerte bubilar på vegane.

Frå 26800 bubilar i 2009 var talet kome opp i 52 000 i 2020, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

Les også Lette campingvogner er den nye «salgshiten»

Christian Aabøe Fluør, Ferda Grimstad

Tre år seinare ser biletet heilt annleis ut. Salet gjekk ned, og det blei bråstopp då kronekursen svekka seg og renta skaut oppover i 2021.

Leif Terje Hansen, konsernsjef i Ferda

Leif Terje Hansen er konsernsjef i Ferda, som er i ferd med å bli Noregs største bubil- og caravankjede etter fusjonen med Tellus.

Foto: Marie Wadahl / Ferda

Nedgang i privatøkonomien

I 2021 var den gjennomsnittlege styringsrenta på 0,08 prosent. I november i år er renta på 4,25 prosent. Høg rente er truleg ei av hovudårsakene til at salet av bubilar og campingvogner har gått ned.

– Vi trur det er ein tydeleg samanheng her. Når det gjeld campingvogn så er dette ofte litt yngre folk enn dei som kjøper bubil. Vi er ganske sikre på at denne kundegruppa er råka av svekka kjøpekraft, seier konsernsjefen i Ferda.

– Når det gjeld bubil er kundane ofte litt eldre, og mange har blitt gjeldfrie. Likevel trur vi at mange av desse også vel å vere litt forsiktigare, seier han.

Les også Tusenvis av nye bobileigarar i sommar - NAF ber folk stresse ned

Kari Bjerkli, Kjartan Zahl og Signe Jonette Zahl

Les også Nektar bubilturistane å overnatte på rasteplassar

Bobil Skjevlingneset rasteplass ved Bergsøysundbrua på Krifast

– Tenkjer seg om to gongar

Forbrukarøkonom Derya Incedursun i Nordea er ikkje i tvil om at dagens rente og kronekurs er med på å dempe etterspurnaden etter både bubilar og campingvogner.

– Når renta aukar og kronekursen er svak så påverkar dette forbruket av dyre fritidsvarer som bubilar og campingvogner i stor grad. Høgare rente betyr jo auka kostnader om kjøpet er finansiert med lån. Dette gjer at forbrukarane tenkjer seg om to gongar, seier Incedursun.

Men det ser ut som om også eldre folk, med nedbetalt lån, er blitt forsiktigare?

– Ja, eldre med nedbetalte lån kan bli påverka av høgare rente, men på ein annan måte enn dei med stor gjeld. Høge renter kan skape usikkerheit, noko som kan gjere dei forsiktige med store kjøp, seier forbrukarøkonomen.

Derya Incedursun, forbrukerøkonom, Nordea

Derya Incedursun er forbrukarøkonom i Nordea.

Foto: Øystein Løwer / Nordea

Ifølgje Incedursun påverkar det høge rentenivået også ei rekkje andre pengekrevjande område i fritidsmarknaden. Når kjøp av fritidsbustader og reiser har blitt dyrare, vel folk å utsetje slike kjøp og å kutte ned på reisebudsjetta sine.

Les også Bruktmarkedet tar helt av: – Bydde 23.000 over uten å ha sett vogna

Campingvogner

Les også Lette campingvogner er den nye «salgshiten»

Christian Aabøe Fluør, Ferda Grimstad

Store varelager og lågare omsetnad

Salstala for 2023 er naturleg nok ikkje klare enno. Men varelagera av både nye og brukte bubilar og campingvogner skal vere store.

Og førebelse anslag viser at omsetnaden dette året ligg an til å hamne på 40 prosent av omsetnaden i toppåret 2018.

– Trenden med store varelager forsterka seg under pandemien. Det blei trøbbel i produksjonslinjene. Det blei ustabile leveringstider. For å vere sikker på å ha nok bilar så har nok heile bransjen har nok bestilt for mykje bilar og vogner mens ein ventar på at marknaden skulle snu, seier Hansen i Ferda.

Sola bobil

Bubilane står tett i tett hos bubilforhandlarane. Dette bildet er frå 2017 og er teke hos Sola Bobil. Dette selskapet er ikkje med i dei omtalte kjedene.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

For tidleg å varsle endringar

Hansen presiserer at det som har skjedd er at Tellus og Ferda har sendt inn søknad om å slå saman dei to kjedene. Konkurransetilsynet har frå søknadsdatoen 25 dagar på seg på å seie ja eller nei til søknaden.

– Kundane vil ha fordel av å ha ein kjede som har avdelingar over store deler av landet. Den nye Ferda-kjeda vil også ha eit større utval av bubilar og vogner.

– Vi har sett at bubilkjeder allereie har slått saman avdelingar der det har vore kort veg mellom dei. Blir det nedlegging av avdelingar som følgje av denne fusjonen?

– Det er alt for tidleg å seie noko om. Saka ligg framleis til behandling hos Konkurransetilsynet og Tellus og Ferda er framleis konkurrentar. Vi kan ikkje ta ei einaste avgjerd på dette no, seier Hansen.

Les også Teltboom etter pandemien: – Billig inngangs­billett til ferien

Tidligere ferierte de i campingvogn, men Anne Merete Øybrekken og datteren Mali Øybrekken Sunde trives bedre i det 46 kvadratmeter store familieteltet med stue- og kjøkkendel, to soverrom og garderoberom. Istedenfor teltstenger, holdes teltet oppe av luft.

Les også Turistboom gir fergekaos – overnatter på fergeleiet

Fergekø 2 - Gryllefjord 17.juli