Hopp til innhold

Tusenvis av nye bobileigarar i sommar - NAF ber folk stresse ned

Det blir ein ny sommar med noregsferie og titusenvis av bobilar skal ut på vegane, mange med heilt ferske bobilsjåførar. No oppfordrar bilorganisasjonen NAF folk om å legge bort stresset.

Kari Bjerkli, Kjartan Zahl og Signe Jonette Zahl

KLAR FOR FERIE: Kjartan Zaahl, Signe Jonette Zahl (19 mnd) og Kari Bjerkeli har nettopp kjøpt seg bobil. No er dei spente på korleis livet med bobil kjem til å bli.

Foto: Tore Nyheim

Heime ved huset til Kari Bjerkli og Kjartan Zahl i Mosjøen står vidunderet parkert i gata. Dei fekk bilen førre fredag. Det har vore mykje å finne ut av. Så langt har det berre blitt korte turar i nærområdet.

– Det var mykje spekulering og vi måtte ta nokre telefonar til den tidlegare eigaren. Så no har vi fått liv i både frysaren og kjøleskapet, seier den ferske bobileigaren.

Kari og Kjartan er spent på korleis bobil-livet blir. Medan vesle Signe Jonette alt har blitt entusiast.

– Mamma bobil, ropar ho når ho ser ut av stuevindauget. Ho vil ut, krabbe inn i bobilen og skrattar høgt når «huset» med både seng, stolar, kjøkenbenk og kjøleskap begynner å rulle.

Ikkje pakk med for mykje. Eg har halvert mengda to gonger sidan første turen for fleire år sidan.

Knut Wesmajervi - erfaren bobileigar
Signe Jonette Zahl

Signe Jonette på 19 månader har lært seg å seie «bobil», og syns det er kjempestas når dette rare «huset» begynner å rulle bortover gata.

Foto: Tore Nyheim

Mange med hytte på hjul i år

Kari og Kjartan er slett ikkje dei einaste som har blitt bobileigarar i dette året der dei aller fleste planlegg å ha ferie heime i Noreg. I 2020 var det rekordmange eigarskifte og over 5400 nyregistrete bobilar. Og når sommarferien er i startfasen viser tala for 2021 same trend.

–Det er nok ikkje koronapandemien som har vore avgjerande for oss. Vi hadde halde oss i Noreg uansett i år og nokre år til. Det er framleis mange stader i Noreg vi har lyst til å sjå og utforske frå bil.

Senk skuldrane. Nyt ferien. Planlegg ei rute som kan forandrast undervegs.

Tone Therese Rønnild - erfaren bobileigar

NAF: Planlegg godt og stress ned

Bilorganisasjonen NAF er ikkje uroa over at det er mange ferske bobilsjåførar på vegane. Men kommunikasjonssjef Camilla Ryste seier sjåførane må vere klar over at ein bobil oppfører seg litt annleis enn ein liten, kjapp personbil.

– Vi trur dette kjem til å gå veldig fint. Men som fersk bobileigar bør du ta deg god tid og ikkje stresse. Det er lurt å ta nokre korte prøveturar før du legg ut på bobilferie. Og legg særleg vekt på oppbremsing og aksellerering.

Camilla Ryste i NAF

Camilla Ryste er kommunikasjonssjef i NAF. Ho har sjølv vore på tur med bobil og har berre positive erfaringar med dette.

Foto: Pressebilde / NAF

Sjekk totalvekta på bobilen opp mot førarkortet. Føratkort klasse B gjeld opp til 3,5 tonn. Pakkar du for mykje risikerer du overvekt. Førarkort klasse C1 gjeld opp til 7,5 tonn.

Camilla Ryste, kommunikasjonssjef i NAF

– Spent på utfordringane

Men som mange ferske bobil-turistar er dei spent på dei mange utfordringane dei kjem til å møte.

– Korleis blir det i trafikken? Kjem vi til å få sove? Blir det mykje styr med vasstankar, gass og ting som ryk, tenkjer Kari. Og finn vesle Signe Jonette seg til rette?

Bobil bobilparkering Ålesund

Bobilparkeringane i Noreg er i ferd med å fylle seg opp for sesongen, som her i Ålesund.

Foto: Terje Reite / NRK

Leig ein bobil først, og finn ut kva utstyr og løysing du treng. Sjølv må vi ha solcelle, automatgir og parabol.

Ole Pro Rønneberg

Tilrettelegge for barn i bobil

Kjartan, Kari og Signe Jonette viser at det ikkje berre er godt vaksne par som også viser interesse for bobil-livet. Som barnefamilie måtte dei finne ein måte å feste barnesete i bilen.

– Bilen har ikkje system for montering av barnesete. Men med god hjelp så fann vi ei løysing som vi trur vil fungere godt. Tryggleiken er det viktigaste.

Barnesete til bobil

Her har Kjartan og Kari fått hjelp til å lage ei ordning for barnesete i bobilen. – Det vert kanskje litt styr når vi skal bruke denne plassen til andre ting. Men tryggleiken er det viktigaste, seier Kari.

Foto: Tore Nyheim

Avtal med den du reiser saman med korleis de skal kommunisere under parkering og rygging. Kva type signal, når og korleis? Dette kan berge husfreden.

Knut Wesmajervi - Erfaren bobileigar

– Vi deler på køyringa

Kari og Kjartan har køyrt både traktor og forholdsvis stor bil før. Og dei legg opp til å dele på køyringa.

– Det er ingen tvil om at dette er ein stor bil. Det følast uvant og vi unngår kanskje dei smalaste vegane og tronge gater og parkeringsplassar til å begynne med, seier Kari.

Blir det slik at det er mannen og køyrer og dama finner plass i passasjersetet?

– Kjartan er betre på kartlesing enn meg, så i ukjent terreng er det best at han kommanderer og eg køyrer, seier Kari som gler seg til tur.

Trøndelagskysten

No går turen til den nordlege delen av trøndelagskysten.

– No blir det to veker som vi kan bruke akkurat som det passar oss, seier Kari som tek fri frå jobben som sjukepleiar og reiser ut på vegen som fersk bobilsjåfør.

Ta livet med ro. Ikkje hast avgarde for å sjå mest mogleg på kortast mogleg tid.

Ole Pro Rønneberg - Bobilentusiast
Reporter Terje Reite snakkar om køyring med bobil på tronge vegar.

Reporter Terje Reite snakkar om køyring med bobil på tronge vegar. – Sjekk om det er kø bak deg og slepp eventuelle bilar forbi. Og bruk høgrespegelen til å sjekke om du kan trekke endå lenger mot høgre. Det er spesielt viktig på smale vegar.

Reporter Terje Reite snakkar om gass i bobil

Reporter Terje Reite snakkar om gass i bobil. Campinglivet er ofte den første kontakten folk i Noreg har med bruk av gass i det daglege. – Det er smart å sette seg inn i korleis gassen fungerer og korleis utstyret er lagt opp for å handtere dette brennbare stoffet.

Ein enkel liten ting er lurt å legge merke til om du har gass på kokeblusset, men kjøleskapet nektar å starte på gass.

Bør vi skrive meir om camping,ferie, sol og sommar?

Eg skriv gjerne fleire artiklar frå sommar, sol og ferie-livet i Noreg.  Send meg eit tips!