Hopp til innhold

Denne gigantørna lurer alle fuglane

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kjempeørna til Gudmund Malones i Molde lurer både menneske og fuglar. Den er eigentleg eit seglfly utforma som ei havørn.

Moldemannen Gudmund Malones (48) er ein ihuga modellflyentusiast. Han kjøpte sitt aller første byggesett i konfirmasjonsgåve. For over 20 år sidan fekk han ideen om å bygge eit seglfly forma som ei havørn i naturleg storleik. Den flaug veldig fint, men Malones ynskte seg ei endå større ørn. For få år sidan bygde han difor ei ørn på 4,4 meter.

Gudmund Malones

Gudmund Malones bygde si første seglflyørn for 20 år sidan. No har han bygd ei enorm ørn på 4,4 meter.

Foto: privat

Både fuglar og menneske blir lurt dersom eg gøymer meg i lyngen, og flyg ørna. Det er jo litt artig, ler Malones.

Viser klørne

Han opplever at dei ekte ørnene er svært interessert i monsterørna, men enno har han ikkje fått dei heilt kloss inntil. Men det skal han teste ut under eit landsdekkjande seglflystemne på Bud i Fræna om eit par veker.

Modellflyørn

Det var eit nitidig arbeid å bygge ørna.

Foto: Gudmund Malones

Der er det mykje ørn, og erfaringar frå tidlegare er at ørnestammen er nysgjerrig på alle modellflya. Enkelte av ørnene føler seg trua og kan ligge berre ein halv meter bak med klørne framme, for å vise at dei er kongen i lufta.

Du er ikkje redd for at dei ekte ørnene skal bli skadde?

– Nei, dei har full kontroll. Det viktige er at eg ikkje gjer brå rørsler med mi ørn, forklarer modellflygaren.

Filmar frå lufta

Modellfly og ørner

Ørnene plar vere svært nysgjerrige på segflya.

Foto: Gudmund Malones

Han skal feste kamera med videosender på monsterørna, slik at ein får sjå livebilder frå lufta. På det meste har åtte ørner floge rundt omkring der flystemnet har pågått og Malones gler seg til korleis dei vil reagerer når dei møter hans enorme heimebygde ørn.

– Det er jo for å sjå reaksjonen til andre fuglar at eg har laga denne ørna, fortel Malones.

Sidan han har drive på med modellfly heile livet sitt, visste han nokon lunde korleis han skulle gå fram for å bygge ørna, og han er nøgd med resultatet. No er dei spent på om dei får nok vind til flystemnet slik at ørna får vise seg fram.