Hopp til innhold

Full utrykking til einebustad i brann i Sykkylven

Brannvesenet fekk etter kort tid kontroll med brannen i eit bustadhus i Grebstadlia i Sykkylven. Då dei kom fram var det opne flammar frå huset.

Brann i Sykkylven

Både brannvesenet, politi og helsevesenet har rykt ut til bustadbrannen i Grebstadlia i Sykkylven fredag kveld.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Ifølgje 110-sentralen var huset tomt, og huseigaren ute og reiste, då dei fekk melding om brannen frå einebustaden i Grebstadlia i Sykkylven. Både helsevesenet, politi og brannvesenet rykte ut til det tomme huset.

– Det ser ut som brannen er sløkt, opplyste NRK-reporter Ivar Eidheim klokka 22.

Då hadde brannmannskapet jobba iherdig nokre minutt etter å ha fått melding om brannen like før klokka 21.30.

– Dei jobbar iherdig med å få tak på det, sa operatør Brian Morrison ved 110-sentralen til NRK om sløkkingsarbeidet.

Klokka 22.22 melde politiet at brannen var under kontroll og at det blir arbeidd med å redde verdiar frå staden. Brannårsaka er ukjent.

Skal ikkje vere fare for spreiing

Det næraste huset skal ligge omlag 20 meter unna, og ifølgje 110-sentralen var det ikkje fare for spreiing.

Dei har grei kontroll på det utvendige no, og jobbar både innvendig og utvending med brannen, sa Morrison like før klokka 22.

– Høgg seg gjennom veggane

NRK-reporter Ivar Eidheim var på staden fredag kveld og fortalde at brannvesenet var i gang med sløkking.

Brann i Sykkylven

Brannvesenet arbeider fredag kveld med å sløkkje brannen i Sykkylven.

Foto: Ivar Eidheim

– Dei driv og høgg seg gjennom veggane for å kome til, det brenn inne i takkonstruksjonen, og vi ser flammar, sa NRK-reporter Ivar Eidheim like etter klokka 21.30.

Ifølgje 110-sentralen var det allereie synlege flammar og røyk frå den eine gavlveggen då dei kom fram til einebustaden.

Brann i Sykkylven

Brannen i Sykkylven kan sjåast også på lang avstand.

Foto: Eldar Høidal