Hopp til innhold

Bustadhus fekk omfattande skadar i brann

Naudetatane rykka i ettermiddag ut til brann i ein einebustad i Olsvika i Ålesund. Huset stod i full fyr og har fått omfattande skadar.

Boligbrann i Olsvika i Ålesund
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Det utvikla seg tjukk røyk i området rundt Olsvika i Ålesund etter ein bustadbrannen tysdag ettermiddag. Det skal ikkje ha vore nokon i huset då brannen starta. Politiet fekk raskt kontakt med eigaren, som var på biltur då det vart meld om brannen.

Brann i bustadhus i Ålesund

Det kjem mykje røyk frå huset.

Foto: Tipsar

Brannvesenet bad naboane stengje vindauga sine, men det var ikkje fare for andre hus.

Det er grauttjukk røyk i gata oppom oss, eg kjenner også lukta, fortalde ein av naboane, som først oppdaga brannen då ho gjekk ut på verandaen sin.

Ein annan nabo seier han ser rett opp på huset som brenn.

Eg ser røyken, og at det brenn også, seier han.

Utfordrande sløkkearbeid

Klokka 18 opplyser 110-sentralen at det framleis brenn i bustaden.

Bustadbrann i Olsvika

Det la seg mykje røyk i Olsvika under brannen.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Det brenn i takkonstruksjonen, og det er bygd slik at det er vanskeleg å sløkke brannen. Vi har tre røykdykkarar inne, og to mann på taket. Vi har kontroll på brannen, men sløkkearbeidet er utfordrande, fortel Kjartan Molvær i brannvesenet.

Jon Bratland i politiet fortel at bustaden har fått omfattande skadar, og at det tar tid å sløkkje. Klokka 19 melde brannvesenet at brannen var sløkt, men at det blir på staden ei stund for etterkontroll.

Brann i andre etasje

Brannvesenet melde om brannen på Twitter klokka 17 tysdag ettermiddag. Bustadhuset ligg like ved Tafjord Kraft.

Ifølgje politiet starta brannen i andre etasje. Molvær ved 110-sentralen fortalde klokka 17.06 at brannvesenet starta sløkking.

– Vi har fått melding om at det er full fyr i huset, sa Molvær like etter klokka 17.

Alle ute av huset

Like etter melde politiet at dei har vore i kontakt med huseigaren, og at alle skal vere ute av huset. Brannvesenet har vore inne med røykdykkarar, og bekrefta at ingen er i bustaden.

Det brenn i Olsvika i Ålesund tysdag ettermiddag.

Foto: Sara Lovise Roaldseth/NRK.