Hopp til innhold

Bussjåførar nektar å køyre på «kjerreveg»

I Tomrefjord i Vestnes er det opprør mot det folk opplever som elendige vegar.

Veg Tomrefjord

GLIPE I VEGEN: Folk i Tomrefjord protesterer mot forholda på Vikvegen.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Bussjåførane kallar den kommunale Vikvegen for ein kjerreveg. Dei meiner det er så ille at dei vil nekte å køyre der.

Det er ei kjent problemstilling over heile landet. Vegar som forfell.

Tomrefjord

ARBEIDSPLASS: Vikvegen i Tomrefjord er full av gliper og holer.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

For bussjåførane som skal frakte skulebarn og andre trygt fram er Vikvegen ein utfordrande arbeidsplass.

– Her er det fullt av gliper, holer, humpar og dumpar, seier Knut Stian Eik når han viser NRK korleis det ser ut.

Knut Stian Eik

UTFORDRANDE: Knut Stian Eik køyrer på Vikvegen dagleg i jobben sin som bussjåfør i Veøy Billag.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Engasjerte tomrefjordingar går rundt og studerer glipene i vegen.

– Telehiv er naturleg. Men når utgangspunktet er så dårleg som dette, må noko gjerast, seier Jan Olav Vadseth.

Veg Tomrefjord

VEGOPPRØR: Tomrefjordingane Jan Olav Vadseth, Kristopher Vik og Sissel Vik Vasseli fortviler over vegen, og krev at noko blir gjort.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Det å drive fakkeltogdemokrati er enkelt, men kanskje ikkje det beste for heilskapen

Randi Bergundhaugen ordførar i Vestnes (H)

– Bilane blir øydelagde

Vegutfordringane må så snart som råd på sakskartet i kommunen, meiner Framstegspartiet.

– Bilane til folk blir øydelagde. Fjørene ryk, seier Sissel Vik Vasseli. Ho sit i kommunestyret for Frp.

Kommuneleiinga seier dei forstår frustrasjonen, men at dei ikkje vil drive med vegplanlegging midt i den verste telehiv-perioden.

Ingen forslag om meir pengar

– Ingen parti foreslo ekstra vegpengar i budsjettet, seier Høgre-ordførar Randi Bergundhaugen.

– Det å drive fakkeltogdemokrati er enkelt, men kanskje ikkje det beste for heilskapen, uttaler ordføraren til NRK.

Randi Bergundhaugen

ORDFØRAR: Randi Bergundhaugen vil ikkje drive med vegplanlegging midt i den verste telehiv-tida.

Foto: Tore Ellingseter / NRK
Terje Hoel

FJØRENE RYK: Senterleiar Terje Hoel ved NAF i Ålesund ser dagleg at dårlege vegar øydelegg bilane.

Foto: Birthe Bringsvor

Senterleiar Terje Hoel i NAF i Ålesund meiner det er dårlege vegar mange stader.

I jobben sin ser han dagleg at dårleg vegstandard går utover bilane.

– Det er på tide at nokon vaknar, seier han.

På Vikvegen i Tomrefjord ser bussjåføren på klokka. Han er redd for at han ikkje skal rekke ferja.

– Vi må få betre veg. Det kan ikkje halde fram slik, seier Knut Stian Eik.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Fredag gjekk det eit steinras i Trollstigen. Foto: Dag Christian Ugseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Steinras i Trollstigen – kjem ikkje til å påverke opninga