Bunadsgeriljaen markerte seg

Bunadsgeriljaen var sterkt til stade då styremøtet i Helse Møre og Romsdal behandla fødesaka.

Under styremøtet sa administrerande direktør Nils Kvernmo at det ikkje er påvist tydelege kvalitetsforskjellar mellom fødeavdelingane i Molde og Kristiansund.

Men han var tydeleg på at vedtaket om at den samanslegne fødeavdelinga skal lokaliserast til Molde står fast.

– Små fødeavdelingar har stor risiko kring rekruttering og vikarbruk, sa Kvernmo.

Kvernmo hevda at Molde står sterkast på infrastruktur kring fødeavdelinga.

– Sjuke barn skal uansett til Ålesund, sa Kvernmo i samband med påstandane om at eksistensen av barneavdelinga i Kristiansund var for lite vektlagt.

Det var like etter denne orienteringa at leiaren i Bunadsgeriljaen kuppa møtet. Straks etter at voteringa var over forlot Bunadsgeriljaen møtet syngande på sangen frå 70-talet «Å, å, å jenter», kjend frå kvinnegruppa «Kjerringrokk» frå 70-talet.

Bunadsgeriljaen
Foto: Terje Reite / NRK