Hopp til innhold

Brør tiltalte for fleire grove valdtekter av 14 år gamal jente

Ein 19-åring på sommarjobb er tiltalt for å ha valdtatt ei tenåringsjente gjentekne gongar i 2015. Året etter skal også den eldre broren ha kome tilbake og forgripe seg på jenta.

Molde politistasjon bygges om

Politiet omtalar etterforskinga mot dei to brørne som omfattande. Hausten 2017 blei dei to utleverte frå England, og sit no varetektsfengsla.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Den første valdtekta skal ha skjedd like etter at tenåringsjenta hadde fylt 14 år, i juni 2015. I løpet av sommaren og hausten skal den yngste av dei to tiltalte brørne gjentekne gongar ha valdtatt henne.

Året etter kom dei to tilbake til romsdalskommunen, og då skal også den 25 år gamle broren ha valdtatt jenta som då nettopp hadde fylt 15 år.

Ingvild Thorn Nordheim

Statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim seier det har vore ei omfattande etterforsking før dei tok ut tiltale mot to brør.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Ifølgje tiltalen skal den eldste broren også ha valdtatt ei anna kvinne, då ho var 18 eller 19 år gamal.

Først i januar 2017 blei forholda melde til politiet, og statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim seier dei har brukt tida godt.

– Det har vore ei omfattande etterforsking og krevjande å få tak i dei tiltalte, seier ho.

Dei to rumenske mennene blei utleverte frå England i fjor haust, og sit no varetektsfengsla før rettssaka.

Skal ha vore på sommarjobb

Dei to brørne skal ha vore på sommarjobb i romsdalskommunen i lag med fleire frå familien i fleire sesongar. Då dei blei arresterte i England i fjor haust, var dei etablerte med små barn, opplyser forsvararane deira.

Anniken Killingstad og Sidra Bhatti i advokatfirmaet Rogstad AS i Oslo representerer dei to brørne. Killingstad seier at ingen av dei vedgår straffskuld, men at dei kjende til dei to jentene som dei no er tiltalte for å ha forgripe seg mot.

– Dei kjende ikkje jentene særleg godt, men var i det same området, seier Killingstad.

– Fornøgde med tiltalen

Advokat Roy Peder Kulblik representerer dei to jentene som mennene skal ha forgripe seg mot. Dei er fornøgde med at saka no kjem for retten.

– Dei er fornøgde med at tiltalen er tatt ut, og at politi og påtalemakt har stadfesta det dei har forklart seg om, seier han.

Saka kjem etter planen opp for Romsdal tingrett i juni.