Hopp til innhold

Brattvåg i 2.divisjon fotball

  • Bortetap for Brattvåg

    René Skovdahl (biletet) og Brattvåg gjekk på deira andre strake tap i 2.-divisjon i dag. Håkon Bjørdal Leine utlikna til 1–1 borte mot Kvik Halden tre minutt etter pause. Men ei scoring i det 84. minutt sørgja for at alle tre poenga vart verande i Halden. Brattvåg har ikkje vunne i 2.-divisjon sidan mai.

    Rene Skovdahl
    Foto: Øyvind Sandnes / NRK
  • Tapte mot serieleiaren

    Brattvåg sitt 2.-divisjonslag tapte i ettermiddag 2–1 borte mot serieleiar Skeid. Heimelaget leia 2–0 før Daniel Stensø reduserte etter 73 minutt. Men nærare kom altså ikkje mannskapet til Karl Oskar Fjørtoft (biletet). Tapet var også ugunstig for Hødd, som har åtte poeng opp til direkte opprykksplass fire rundar før slutt. Truleg må Hødd konsentrere seg om å ta andreplassen i avdelinga, som gir kvalifisering.

     Karl Oskar Fjørtoft
    Foto: Hans Olav Landsverk / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL