Hopp til innhold

Brannråka familie hadde ikkje forsikring

May Britt og Karim Moufadil i Kristiansund miste huset sitt i brann måndag. Paret hadde ikkje bustadforsikring, men no stiller lokalsamfunnet opp.

May Britt Moufadil og Kristina Solheim

May Britt Moufadil og dottera Kristina Solheim er glade for at alle kom seg ut i god behald frå det brennande huset.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Like før May Britt Moufadil skulle legge seg seint søndag kveld, høyrde ho nokre merkelege lydar på loftet, der sonen Stian (29) og ei venninne var. Då ho gjekk opp i 2. etasje for å sjekke kva det var som small, vart ho møtt av ein vegg av svart røyk.

– Eg fekk panikk og ropte alt eg kunne. Eg fekk ikkje svar frå dei to, fortel Moufadi.

Ho fekk ikkje puste i all røyken og måtte springe ut på gata saman med ektemannen Karim Dei ringde til politiet og fekk varsla brannen.

– Takk gud for at dei på loftet klarte å hoppe ut. Det stod om minutt, seier May Britt Moufadil.

LES OGSÅ:

Brann i enebolig i Kristiansund.

Hadde ikkje råd til forsikring

Fire dagar er gått og den verste skjelven etter brannen har gitt seg. No er det andre utfordringar som står for tur. På grunn av økonomiske vanskar, hadde ikkje familien bustadforsikring. Forsikringsselskapet kravde at dei skulle betale heile årssummen på ein gong, og det klarte det ikkje.

– Eg var klar over at vi var utan forsikring, men håpte at det ikkje skulle skje noko. No står vi på bar bakke, seier Moufadil.

Ho har opplevd brann før for 13 år sidan, men då var alle papira i orden. No er familien avhengig av hjelp frå andre for å få bygge opp att huset. Og reaksjonane har vore massive. Mange har sagt at dei vil bidra.

– Det er så mykje varme blant folk og lyspunkt i tragedien, seier May Britt Moufadil.

Andrei Burz

Andrei Burz vil hjelpe familien både med oppbygging av huset og gi dei gratis husvære i nokre månader.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Snikkar vil hjelpe

Ein av dei som har blitt rørt av historia til familien utan forsikring er snikkar Andrei Burz. Då han las om brannen i media, sette han seg ned framfor datamaskina og fann ut at det er over 200 snikkarfirma i Møre og Romsdal, skriv Tidens Krav.

Han vil hjelpe til med bygging av nytt hus, og håper at andre handverkarar også vil bidra. Burz har også ei lita møblert leilegheit i kjellaren sin, som ekteparet får bu i. Her er det stove, kjøkken, soverom og alt dei treng.

– Dei har hatt nok vondt, no treng dei å smile igjen, seier Burz. Han har sagt til dei at dei skal få låne leilegheita hans gratis i nokre månader, til dei finn ein annan stad å bu.

Starte oppbygginga

Dottera Kristina Solheim har allereie oppretta ein bankkonto, der folk kan sette inn pengar til byggeprosjektet. Familien har fått både vindauge, ytterdør, parkett og skifer til nyhuset frå gåvmilde folk. Dei har også fått klede og møblar.

– Nordmenn har store hjarte. Dersom mange stiller opp, skal vi få opp eit nytt hus veldig fort, seier Burz.

Han er opphavleg frå Romania, men har budd i Noreg i 14 år. Frå heimlandet er han vand med å stille opp for andre. Sjølv er han godt i gang med å ringe alle sine kontaktar i byggebransjen for å høyre om dei kan bidra med materiale og utstyr. Burz seier at det hjelp ikkje å vere etterpåklok i forhold til forsikringa, men heller sjå framover.

– Det viktigaste no er at familien får hjelp, seier han.

Brann Kristiansund

Huset vart totalskadd i brannen.

Foto: Roar Halten / NRK

Få manglar bustadforsikring

Forsikringsbransjen har ikkje tal på kor mange husstandar som manglar bustadforsikring, men trur at det kan gjelde færre enn 1–2 prosent av befolkninga Grunnen til at det er så få, er at bankane krev at folk har bustadforsikring når dei tar opp huslån.

– Eg har sterk medkjensle med familien som har opplevd noko av det verste som kan skje. Det er ei forferdeleg og sjokkarta oppleving, seier pressetalsmann i Tryg forsikring, Ole Irgens.

Får sletta gjelda

Konsekvensen av å mangle slik forsikring er at du ikkje får dekt oppbygginga av nytt hus. Dei som vert råka av brannen, slepp likevel å bli sitjande med gjeld på det nedbrente huset. Panthavergaranti er eit samarbeid mellom forsikringsselskapa og sørgar for at dei som opplever slikt i praksis får sletta gjelda på eigedomen.

– Dersom det skjer ei hending eller ein skade etter at forsikringa ikkje lenger gjeld, får ein dessverre ikkje dekt det, seier Irgens.

LES OGSÅ:

Fleire manglar innbuforsikring

Det er langt fleire innbyggjarar som manglar innbuforsikring. Ofte gjeld dette unge som nyleg har flytta heimanfrå og ikkje veit at dei treng slik forsikring. Også folk som kjem flyttande til Noreg frå andre kulturar kan vere uvitande om innbuforsikring.

May Britt Moufadi hadde heller ikkje innbuforsikring. Ho har bestemt seg for å tenkje positivt og ikkje la den manglande forsikringa øydelegge livet deira. Ho prisar seg lukkeleg over at alle kom frå brannen med livet i god behald.

– No tar vi ein dag av gongen. Vi reknar med at det vil ta ei god stund før vi bygt opp att huset, seier Moufadi. Søndag vert det arrangert loppemarknad til inntekt for familien.

Slik ser det ut etter brannen i Kristiansund.
Brannteknikarar vil tysdag undersøkje den totalskadde einebustaden som blei herja av brann i Kristiansund natt til måndag. Fire blei sende til sjukehus, for ein av dei var det ekstra dramatisk då han måtte hoppe seks meter ned.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL