Hopp til innhold

– Det brann på fem ulike stader

Brannen på Sandsøya på Sunnmøre er meldt sløkt 20:10 laurdag kveld. Ordføraren i kommunen meiner at brannmannskapet har gjort ein kjempejobb.

brann på sandsøya

Staben i Sande kommune studerer kart over Sandsøya og vurderer vindretning, vêrmelding og kva tiltak dei eventuelt måtte setje i verk.

Foto: Arne Flatin / NRK

Klokka 20:10 opplyste operasjonsleiar Ole Bjørn Harang i Sunnmøre politidistrikt at det ikkje lenger var fare for bustadane på Sandsøya, og at brannen er sterkt redusert.

brannen på sandsøya

Ordførar i Sande kommune, Dag Vaagen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ordførar i Sande kommune, Dag Vaagen, seier at alt er sløkt.

– Det siste no er at alt er sløkt og at brannmannskapet trekkjer ned frå fjellet. Det var fem stader med opne flammar som vi sette innsatsen på, seier ordføraren til NRK.

Passe på utover natta

Vaagen seier at arbeidet med å sikre brannen vart gjort på forholdsvis kort tid, men brannvesenet vil halde fram beredskapen fram mot natta.

– Brannmannskapet har gjort ein kjempejobb. Og dei vil vere klare i tilfelle brannen skulle blusse opp igjen, seier ordføraren.

Han seier at slike situasjonar kan kjapt forandre seg, og det kan lett kan begynne å brenne igjen.

Brannen starta veldig nær busetnad, men heldigvis gjekk vinden motsett veg etter kvart.

Brann Sandsøya

Litt over klokka åtte laurdag kveld meldte politiet at brannen var sløkt.

Foto: Tor Inge Nygård

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL