Hopp til innhold

Brann ved Stabburet på Stranda

Ein brann i ein flisomn ved Stabburet sine lokale på Stranda blei raskt sløkt av tilsette måndag kveld. Brannen vil ikkje påverke produksjonen ved fabrikken.

Brann Stranda

Like før klokka 20.00 måndag kveld melde politiet på Sunnmøre at det hadde vore ein brann i ein flisomn hos Orkla Foods sine lokale på Stranda. Alle naudetatane rykte ut til staden.

– Brannen blei raskt sløkt av tilsette ved fabrikken, seier Tor-Andre Gram Franck, operasjonsleiar for politiet på Sunnmøre.

Det skal likevel vere noko røyk i lokala, opplyser han. Det er så langt ikkje meldt om personskadar som følgje av brannen.

Påverkar ikkje produksjonen

Brannen skal ha oppstått i ein del av fabrikken som blir leigd av Tind Spekemat. Dagleg leiar i selskapet opplyser til NRK at brannen ikkje vil påverke produksjonen.

Grandiosa hos Orkla på Stranda

Illustrasjonsfoto: Brannen påverkar ikkje pizzaproduksjonen ved fabrikken.

Foto: Lena Høyberg / NRK

All frosenpizza som Orkla sel i Norge blir produsert ved Stabburet sine lokale i sunnmørsbygda Stranda. Heller ikkje denne produksjonen blir påverka av brannen.

– Det var ein liten ulmebrann som dei tilsette raskt fekk kontroll over, så det var ingen dramatikk, seier Dag Olav Stokken i Orkla Foods Norge til NRK.

Brann Stranda